NRK Meny
Normal

Hadde feil på siloen dagen før gasslekkasjen

Ein 17 år gamal skuleelev er framleis alvorleg skadd etter gasslekkasjen på Stureterminalen i går. No fortel Statoil at dei hadde feilmeldingar på tanken også dagen før ulukka.

Ola Anders Skauby, Statoil

Mediekontakt i Statoil, Ola Anders Skauby, fortel at selskapet førebels veit lite om årsaka bak lekkasjen.

Foto: NRK

– Det vi veit er at det var driftsforstyrringar på tanken natt til i onsdag. Det blei gjort arbeid i dette området tidlegare same dag, fortel mediekontakt i Statoil Ola Anders Skauby.

Akkurat kva arbeid som blei gjort kan ikkje Skauby opplyse om. Kva tre skuleelevar og to tilsette i Statoil gjorde på toppen av tanken i går, veit dei heller ingenting om.

– Det er ein av dei tinga vi skal finne ut i granskinga. Nøyaktig kvifor denne hendinga skjedde er også noko vi skal undersøke grundig, seier Skauby.

Seks sendt til sjukehus

Onsdag blei seks personar sendt til sjukehus etter at det lak ut hydrogensulfid frå silotanken på Stureterminalen i Øygarden.

Fem personar var på taket av tanken då lekkasjen starta. To av dei svima av og kom seg ikkje ned på eiga hand.

Ein 17-åring var kritisk skadd, men er no utanfor livsfare. Også ein 50-åring blei innlagt med alvorleg skader. Han er også i ferd med å bli betre, og er i dag lettare i skadd.

I tillegg blei fire andre personar frakta til sjukehus. To tenåringar, ein Statoil-tilsett og brannmannen som blei sendt opp for å hente ned dei to som låg medvitslause att på toppen av tanken.

Ambulanse på vei ut fra Sture-terminalen

Seks personar blei frakta til sjukehus etter gasslekkasjen på Stureterminalen.

Foto: Fayruz Sado / NRK

– Vi tar dette svært alvorleg

Statoil seier dei vil granske hendinga grundig. Også Petroleumstilsynet og politiet vil etterforske saka.

– Vi vil bruke den tida som er naudsynt. Vi ønskjer sjølvsagt å få kartlagt hendinga så fort som mogeleg, men dette må undersøkast grundig. Vi tar dette svært alvorleg, seier Skauby.

Førebels veit dei svært lite om kva som var problemet med tanken, kva arbeid som er gjort på den og kvifor det var folk på toppen av tanken i går.

– Kvifor dei var på toppen av siloen veit vi ikkje. Skuleelevane var her fordi vi gjennom mange år har tilbydt elevane i vidaregåande skule praksisplassar, fortel Skauby.

Stureterminalen i Øygarden

Gasslekkasjen skjedde på Stureterminalen i Øygarden.

Foto: Statoil

Livsfarleg gass i store mengder

Hydrogensulfid er ein gass som blir danna av organisk materiale når det ikkje er gass til stades. Lukta den gir ifrå seg minner om rotne egg.

Christian Totland er forskar ved kjemisk institutt ved Universitet i Bergen. Han veit mykje om kva skader inhalering av hydrogensulfid kan føre til.

– Den er veldig farleg om du blir eksponert for mykje av den. I små mengder er den ikkje skadeleg. På grunn av den ekle lukta vil folk normalt stikke når dei merkar den. Faren oppstår når konsentrasjonane er så høge at det slår ut luktesansen og du ikkje merkar lukta frå gassen lenger, seier Totland.

Christian Totland

I store mengder er hydrogensulfid veldig farleg, fortel forskar ved kjemisk institutt i Bergen, Christian Totland.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.