Hopp til innhold

Equinor vil droppa to prosjekt med kraft frå land

Equinor seier avgjerda vil føre til at dei ikkje når målet om kutt i klimagassar innan 2030. – Total ansvarsfråskriving, svarar Naturvernforbundet.

Kristin-plattformen

Kristin-feltet er et gass- og kondensatfelt sørvest på Haltenbanken i Norskehavet.

Foto: Marit Hommedal

– Vi anbefaler ikkje å gå vidare med desse to prosjekta på grunn av manglande lønnsemd, seier kommunikasjonsdirektør Sissel Rinde i Equinor.

Ho seier at oppfordringa ikkje er knytt til konkrete kostnadsoverskridingar ved desse to prosjekta, men at kostnadene i industrien generelt har auka.

Sissel Rinde, informasjonsdirektør i Equinor

– Vi har gitt ei oppfordring om at desse to prosjekta ikkje vil vere lønnsame, seier Sissel Rinde i Equinor.

Foto: EQUINOR

Dermed blir det truleg ikkje snakk om straum frå land til felta «Heidrun», «Åsgård» og «Kristin» på Haltenbanken utanfor Trøndelag og «Snorre A» og «Snorre B» i Nordsjøen.

Dette gjekk fram først i eit brev frå Equinor til Energidepartementet, som blei omtalt av E24.

Vil likevel gå vidare med Grane og Balder

Equinor ønsker likevel å gå vidare med å modne felta Grane og Balder for elektrifisering.

– Vi har gitt ei oppfordring om at desse to prosjekta ikkje vil vere lønnsame, men at vi skal jobbe vidare for at vi skal få til eit lønnsamt Grane-Balder, seier Rinde og held fram:

Produksjonsskipet Jotun på Balder-feltet i Nordsjøen

Produksjonsskipet Jotun på Balder-feltet i Nordsjøen.

Foto: Vår Energi

– Årsaka til at vi modnar det vidare er at vi trur at det potensielt kan utviklast på ein kostnadseffektiv og lønnsam måte.

Naturvernforbundet støttar avgjerda

Leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet meiner det er rett avgjerd av Equinor å droppe elektrifiseringa av fleire felte.

– Elektrifisering av oljefelt er feil svar på ei viktig utfordring. Fornybar kraft er ein verdifull ressurs som blir brukt betre på andre ting enn å grønvaske oljeplattformer, seier han.

Truls Gulowsen (bildet) er leder for Naturvernforbundet. De går nå til anmeldelse mot Vestby kommune for det de mener er miljøkriminalitet.

– Dei må kutte på annan måte, seier Gulowsen i Naturvernforbundet.

Foto: Vegar Erstad

Til E24 seier konserndirektør Kjetil Hove i Equinor at oljebransjen ikkje vil nå målet om å kutte klimautsleppa med 50 prosent innan 2030.

Gulowsen er kritisk til Hoves uttale.

– Dei må kutte på annan måte. Noko anna er ei total ansvarsfråskriving. Vi meiner dei bør drive meir effektivt, slutte å leite etter meir olje og fase ut dei mest forureinande felta. Då er kutt i klimagassar fullt mogleg, seier han.

Rinde i Equinor peiker på at den norske olje- og gassindustrien innan 2032 vil ha redusert utslepp frå produksjonen med i overkant av 40 prosent.

Ho seier vidare at dei heile tida jobbar for å finne betre løysingar for energieffektivisering på felta sine.

Ordførar framleis uroa

Amund Hellesø er ordførar i Nærøysund i Trøndelag og leiar for Trøndelag Arbeidarparti. Han har vore bekymra for at elektrifisering av Haltenbanken skal tappe landsdelen for straum.

– Den frykta har eg framleis.

Han seier det at Haltenbanken no ikkje skal elektrifiserast, opnar for at straumen som har vore reservert for Equinor kan bli brukt til anna industri. Det vil kunne gi vekst og fleire arbeidsplassar.

Samstundes er behovet for kraft i regionen stort.

– Vi ser på etterspørselen at dei behova som er meldt inn, er veldig høge.

Amund Hellesø og Karianne Tung på årsmøtet til Trøndelag Ap 2025

Amund Hellesø er ordførar i Nærøysund.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Dette kan ikkje vere ein kvilepute for at ein har laust kraftsituasjonen.

– Det går framleis for sakte med nettutbygginga i Trøndelag, seier Hellesø.

Også han seier ein må finne andre måtar å kutte klimautsleppa på.

– Vi har eit nasjonalt mål om å nå våre forpliktingar. Det stoler eg på at regjeringa gjennomfører.