Hopp til innhold

Forskar trur demente feilaktig blir lagt på dødsleie

Ei eiga sjekkliste for døden blir brukt på 300 sjuke- og alderheimar i Noreg. Men lista kan fange opp demente som langt frå er døyande, fryktar spesialist på sjukeheimsmedisin.

ILLUSTRASJON SYKDOM

DØDSLISTE: Den omdiskuterte LCP-metoden kjem frå Storbritannia, og er opprinneleg utviklga for kreftpasientar. ILLUSTRASJONSFOTO.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Det er metoden Liverpool Care Pathway (LCP) som vert brukt på om lag 300 av landets 900 sjuke- og aldersheimar. Det er ei sjekkliste som blir brukt for å kjenne att livet sin siste fase, dødsleiet. Målet er å kvalitetssikre omsorga ved at personalet observerer og arbeider ut frå same prinsipp.

Førsteamensuensis Bettina Husebø meiner det er stor fare for at tilstanden til demente vert feiltolka, og at dei vert sett på lista over døyande pasientar før dei skal.

– Det er veldig vanskeleg å vurdere døyande personar med demens. Eg trur tryggleiken blir for dårleg dersom ein skal avgjere om demente er døyande ut ifrå ei sjekkliste, seier Husebø, som er forskar ved Senter for alders- og sjukeheimsmedisin i Bergen.

Bettina Husebø

Forskar Bettina Husebø fryktar demente blir tolka som døyande sjølv om dei ikkje er det.

Foto: Siri Løken / NRK

Sjekkliste før døden

Dersom ein pasient hamnar på lista over døyande pasientar blir livsforlengjande behandling avslutta, og sjukepleiarane fasar ut medisinar og etter kvart næring. Seinare får pasienten morfin.

I dag blir metoden brukt i Noreg for å kjenne att dødsfasen for alle pasientar, inkludert demente. LCP er eigentlege laga for kreftsjuke, og erfaringane frå sjukehusa er gode.

– Problemet er kunnskapen om demens blant tilsette ved norske sjukeheimar. Kompetansen er ikkje god nok, og det gjer at metoden blir farleg. Så lenge opplæring ikkje er garantert bør ikkje metoden brukast i Noreg, seier Husebø.

Meiner Helsedirektoratet ikkje tar ansvar

I fjor publiserte Helsedirektoratet ein rapport om omsorgstilbodet og lindrande behandling for personar som ligg på dødsleie. Rapporten fekk kritikk frå fleire hald, mellom anna Husebø.

– Eg er redd for at personar som er alvorleg sjuke på sjukeheim ikkje får ei god nok vurdering før behandlinga setjast i gang. Demente tar mange medisinar, og det kan vere mange årsaker til at demente ser slitne ut, seier Husebø.

Sintef fekk i oppdrag å lage ein ny rapport, som spesielt skulle fokusere på å vurdere bruken av LCP-metoden.

– Rapporten verkar meir som ei bestilling enn ein rapport for å støtte opp under bruken av metoden, seier Husebø.

Ho påpeikar også at den britiske LCP-metoden no er i ferd med å bli fasen ut i landet den kom frå, og meiner det tilseier at den ikkje er så god.

Kristin Mehre, avdelingsdirektør Helsedirektoratet

Avdelingsdirektør Kristine Mehre i Helsedirektoratet avviser kritikken frå Husebø, men vedgår at det er ein skepsis til å bruke metoden overfor personar med demens.

Foto: Rebecca Ravneberg/Helsedirektoratet

Kontroversiell metode

Avdelingsdirektør Kristine Mehre i Helsedirektoratet avviser kritikken, men vedgår at kunnskapen om LCP-metoden i Noreg er mangelfull.

– Det er ein skepsis rundt å bruke denne metoden overfor personar med demens og kognitiv svikt. Det er også skepsis knytt til om ein har god nok opplæring før metoden blir tatt i bruk, seier Mehre.

Likevel er metoden altså innført ved kvart tredje alders- og sjukeheim i landet.

– Vi er nøydde å gå inn og diskutere om vi har nok kompetanse til å bruke det med dei ulike fagmiljøa, seier Mehre.