Hopp til innhold

Folkeopprør mot oppdrett i Hardanger – fryktar urørt natur blir øydelagt

BERGSTØ (NRK): Med knapp margin kjem heradsstyret i Kvam truleg til å opna for oppdrett midt i Hardangerfjorden. Den påtroppande ordføraren kalla øya ein «edelstein» i valkampen, men vil uansett utfall ikkje ta omkamp. – Dei har svikta oss, seier grunneigar.

Alf Storaas med Kvamsøy og Tjuvholmen i bakgrunnen

FORBANNA: Alf Storaas driv med turisme og eig ein femdel av Kvamsøy. Snart kjem det truleg eit oppdrettsanlegg i fjorden, på baksida av øya sett frå nordsida av Hardangerfjorden.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Valet i år handla om oppdrett. Difor stemte eg på eit parti som sa nei til oppdrett utanfor her, seier Alf Storaas.

NRK møter han på Bergstø i Kvam. Bak han i Hardangerfjorden ligg Kvamsøy, som Storaas eig om lag ein femdel av. I fjordbassenget mellom Jondal og Kvam er fjorden på sitt djupaste og breiaste. I dette landskapet ligg også det som er den einaste øya i indre deler av Hardanger.

No har ei sak om korleis kommunen vil disponera areal i sjøen ført til steile frontar.

– Det handlar ikkje om at ein er imot oppdrett. Men me ønskjer ikkje eit anlegg midtfjords i eit mykje nytta friluftsområde, seier Storaas.

Kvamsøy i Hardanger tatt frå Aksnes i Kvam herad

URØRT: Mellom Kvam og Jondal er Hardangerfjorden på sitt breiaste og djupaste. Like til høgre for Kvamsøy ønskjer politikarane å leggja til rette for oppdrett.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Eg kan forstå motstanden

Store deler av Kvamsøy er statleg sikra, og registrert som svært viktig friluftsområde. I generasjonar har kvemmingar kome til øya for friluftsliv, speidarleirar og utflukter.

No fryktar mange at naturen skal bli visuelt øydelagd av eit støyande og godt synleg oppdrettsanlegg.

Hardangerfjorden er blant dei norske oppdrettsfjordane der merdane ligg tettast. Det er også i dette området oppdrettarane har størst problem med lakselus.

Men denne gongen er det ikkje ja eller nei til oppdrett det handlar om. Striden står om kor kommunen vil at merdane skal få ligga.

– Eg kan forstå at det vert motstand mot eit naturinngrep. Det vil det alltid vera, seier ordførar i Kvam, Jostein Ljones (Sp).

I Kvam herad sin nye kommuneplan – dokumentet som peikar ut retninga for korleis kommunen skal utviklast – er det føreslått å opna for akvakultur sør for Kvamsøy.

Bakgrunnen er at oppdrettsselskapet Lingalaks, med hovudkontor i Kvam, vil flytta sitt visingsanlegg for laks frå det grunne Fyksesundet til djupare farvatn ved Kvamsøy. Det gamle anlegget skal fjernast.

Dagleg leiar i Lingalaks, Kristian Botnen, viser til ordførar Ljones for kommentar.

Anlegget i Fyksesund er gamalt og speglar i liten grad dagens havbruksnæring, meiner Ljones.

– Kommunen ønskjer å legga til rette for at oppdrettarane legg seg ut i meir open fjord, med moderne teknologi som taklar desse tilhøva. Der er det kraftigare fjordstraumar, betre gjennomstrøyming av oksygen og betre forhold til å driva oppdrett.

Demonstrasjon i Norheimsund mot oppdrettsplanar i Hardanger

DEMONSTRERTE: Laurdag stilte rundt 100 demonstrantar og tilhøyrarar på torget i Norheimsund. Tysdag er det varsla nye aksjonar for å stansa kommunen sine planar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Vil frakta lakseturistar i båt

Ei konsekvensutgreiing kommunen bestilte slo fast at Kvamsøy jamt over kom middels negativt ut som lokalitet for lakseoppdrett. I første høyringsrunde la både Fylkesmannen i Vestland, Hordaland fylkeskommune og Fiskeridirektoratet inn motsegn.

Først når arealet var flytta for tredje gong, blei den siste motsegna frå Fylkesmannen trekt tilbake i august. Kommunen meiner næringslivsinteresser og turisme talar for å opna denne delen av fjordsystemet for oppdrett.

Alf Storaas driv med naturbasert turisme. I sesong nyttar han fjorden ved og rundt Kvamsøy dagleg. Han er kritisk til at store aktørar får tilgang på attraktivt areal tett på det statleg sikra friluftsområdet.

Anlegget, som vil vera 100 meter breitt og 800 meter langt, vil ligga nokre hundre meter frå stranda på Kvamsøy.

– Øya har vore bandlagt av staten for oss grunneigarar sidan 1960-talet. No kan ei bedrift som Lingalaks koma tett opp til land og driva industri. Det er eit tankekors. Eg meiner partia som var imot har svikta oss, seier Storaas.

Oddvar Soldal, Katrine Froestad og Ingrid Laupsa Tjosaas protesterer mot ny oppdrettsplassering

NATURVERNAR: Oddvar Soldal er leiar i Naturvernforbundet i Kvam. Han håpar initiativet til Katrine Froestad og Ingrid Laupsa Tjosaas kan vippa fleirtalet i heradsstyret.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Lovar nye protestar

I valet stemte Storaas på eit parti som sa tydeleg nei til akvakultur ved Kvamsøy. Men då Ap, Frp, KrF og Høgre signerte ein samarbeidsavtale i september, var eitt av punkta at vedtaket om kommuneplanen skulle fredast – slik at det ikkje blir omkamp og ny plassering av anlegget.

– Eg synest det er feigt. Veldig mange stemte og gav slengarar på grunn av Kvamsøy-saka. Når dei då vel å freda vedtaket, følgjer dei ikkje opp det dei lova, seier Katrine Froestad, som sjølv har sete som vara for Ap dei fire føregåande åra.

Saman med Ingrid Laupsa Tjosaas har ho starta ein protestaksjon mot oppdrett ved Kvamsøy. Eit aksjonsgruppe på Facebook vaks raskt til over 1300 medlemer.

Begge kvinnene stod i år på valliste for SV, men understrekar at dei engasjerer seg som innbyggjarar, ikkje politikarar.

Også på andre sida av Hardangerfjorden murrar det. Frå Herand vil oppdrettsanlegget bli liggande i synsfeltet – bak fleire allereie eksisterande anlegg.

Laurdag aksjonerte motstandarane mot planane. Meir enn hundre personar møtte opp i Norheimsund. Tysdag, dagen for heradsstyremøtet, skal dei aksjonera utanfor rådhuset.

– Eg trur litt av grunnen til at motstanden kjem så seint, er at ingen trudde dette ville bli godtatt. Ein rekna med at forslaget ville bli stansa, seier Katrine Froestad.

Torgeir Næss (Ap)

SNART ORDFØRAR: Påtroppande ordførar i Kvam, Torgeir Næss (Ap).

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Ikkje feige

Men påtroppande ordførar Torgeir Næss (Ap) har ingen planar om ein omkamp. Sjølv var ordførarkandidaten, i lag med toppkandidatane frå Frp og KrF, blant dei som talte sterkast i mot å opna for oppdrett.

– Kvamsøy ligg der som ein edelstein i Hardangerfjorden. Når ein har ein sånn juvel, må den ha den finaste innfatninga. Det er ein urørt fjord, sa Næss i NRK sin valdebatt i august.

– Veljarar kallar dykk feige for ikkje å ta opp kampen mot planar de tydeleg har vore i mot. Kva svarar du til dei?

– Eg vil ikkje kalla det feigheit. Me vil at næringslivet vårt skal ha stabile rammer for drifta. Difor må arealplanen gjelda når han er vedteken. Men me kjem til å føreslå å ta ut Kvamsøy frå arealplanen i møtet.

Men Næss manglar enn så lenge fleirtal. Tysdag vil truleg heradsstyret i Kvam, som det siste dei gjer før dei blir erstatta av nye politikarar, stemma for forslaget.

15 stemmer for, 12 mot, blir truleg fasiten. Dermed må den nye ordføraren truleg styra med eit oppdrettsvedtak han sjølv er imot.

– Men i den nye gruppa er det óg begge syn. To av våre representantar har varsla at dei støtter oppdrett ved Kvamsøy. Det er difor ikkje gitt at det nye heradsstyret ville stemt mot forslaget, seier Næss.

Sjølv om enkelte politikarar dei siste dagane har blitt ringt opp av eit tjuetals motstandarar, trur også den sittande ordføraren at arealplanen vil bli vedteken.

– Noko anna ville overraska meg. Havbruksnæringa og Lingalaks er svært viktige for Kvam, seier Ljones.

I dei siste budsjettåra har inntekter frå havbruksnæringa bidratt til plusstal i kommuneøkonomien. Lingalaks åleine har bidratt med titals millionar i skatteinntekter.

Ljones understrekar likevel at ein søknad om oppdrett må konsesjonsbehandlast.

– Men styresmaktene har i denne omgang sagt at området ved Kvamsøy tilfredsstiller krava for akvakultur.

Fryktar konsekvensar av oppdrett ved Kvamsøy i Hardangerfjorden

SYNFARING: Katrine Froestad (t.v.), Ingrid Laupsa Tjosaas, Alf Storaas og Oddvar Soldal skodar ut mot Tjuvholmen og Kvamsøy. Eit framtidig anlegg skal ligga på baksida av øya, ut mot fjordbassenget.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– No er det berre samvitet att

Naturvernforbundet var ein av mange organisasjonar som leverte høyringssvar som åtvara mot å opna for oppdrett midt i fjordbassenget i Hardanger.

Lokalleiar Oddvar Soldal i Kvam meiner kommunen legg til rette for oppdrettsnæringa på kostnad av naturverdiar.

– Me har lagt fram alle våre faglege råd og innspel, men ikkje blitt høyrde. Det er berre samvitet som står att. Eg håpar dette initiativet kan overtyda i alle fall éin politikar. Då har me klart det.