Hopp til innhold

Dette er kartet som avgjer vekst og kutt i oppdrettsnæringa

Dersom dei ikkje får kontroll på lakselusproblemet innan to år, må alle fiskeoppdrett frå Karmøy til Stadtlandet kutta i produksjonen.

Produksjonsområder for oppdrett

Regjeringa har delt norskekysten inn i 13 område når det gjeld produksjon av laks, aure og regnbogeaure. Kvar av desse områda har fått kvar ein farge etter kor store konsekvensar næringa har på miljøet, og kor store utfordringar ein har med lakselus.

Trafikklyssystemet blir avgjerande for om oppdrettarar i det aktuelle område skal få lov til å auka produksjonen, om dei må halde fram slik som no, eller om dei blir nøydde til å justere ned produksjonen sin.

No i 2017 blei resultatet slik:

  • Åtte område får grønt lys – kapasiteten kan justerast opp
  • Tre område får gult lys – kapasiteten blir fryst
  • To område får raudt lys – kapasiteten blir justert ned

Årets fargar på oppdrettskartet vil ikkje føre til negative konsekvensar for raud sone. Men om ikkje ein får bukt med lakselusproblemet i løpet av dei neste to åra, må produksjonen justerast ned.

Trafikklyset skal gjelde frå 2019, og fargane skal vurderast på nytt annakvart år.

– Dette er første gong regjeringa har grunnlag for å leggje til rette for kapasitetsjusteringar etter det nye systemet. No kan vi tilby oppdrettarane føreseieleg vekst, som og varetek omsynet til miljøet, seier fiskeriminister Per Sandberg i ei pressemelding.

Vestlandet slit mest med lus

Vurderinga som førte til årets tildelte fargar blei gjort av ei rekkje ekspertar på lakselus og villaks, og var leia av Frank Nilsen frå Universitetet i Bergen.

Denne ekspertgruppa overleverte 15. september ein rapport om tilstanden i dei ulike produksjonsområda til Nærings- og fiskeridepartementet. Derifrå har ei styringsgruppe med representantar frå Veterinærinstituttet, Havforskingsinstituttet og Norsk institutt for naturforsking gjeve si risikovurdering.

Dei to områda som hamnar i raud sone og dermed har størst problem med lakselus, strekkjer seg frå Karmøy i Rogaland til Stadtlandet i Sogn og Fjordane. Det betyr at ekspertgruppa som har analysert alle dataene meiner at det er høg risiko for påverknad på villaks i desse områda.

Karin Kroon Boxaspen

Karin Kroon Boxaspen, forskingsdirektør ved Havforskningsinstituttet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– I akkurat dette området blir sjøen aldri for kaldt, og den blir aldri for varm for lusa. Dermed kan det godt hende at det er akkurat dette området av landet vårt som er mest optimalt for lakselusproduksjon, forklarar forskingsdirektør Karin Kroon Boxaspen på Havforskingsinstituttet.

Dersom vestlandet får raud karakter også om to år, må anlegga justera ned produksjonen.

Får støtte frå næringa

– Eg er heilt sikker på at næringa kjem til å jobba veldig hardt for å klare å byte den raude fargen med grøn innan 2019. Næringa jobbar konstruktivt med å handtera lakselusproblemet, så det kan godt hende at desse områda vil ha ein heilt annan status når analysen skal gjerast på nytt, meiner forskingsdirektøren.

Eivind Nævdal-Bolstad

Eivind Nævdal-Bolstad, kommunikasjonssjef i Marine Harvest.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Marine Harvest, som er verdas største fiskeoppdrettsselskap, meiner trafikklyssystemet er ein fornuftig måte å regulera næringa.

– At det er lusesituasjonen som skal avgjera kor vi skal kunna veksa, gir oss ei føreseielegheit som oppdrettsselskap, seier kommunikasjonssjef, Eivind Nævdal-Bolstad, som meiner det er riktig å stille strenge miljøkrav til kva område som skal kunna veksa.

– Dermed blir også nokre område raude slik som på Vestlandet. Her må vi gå saman med andre aktørar i raude område, for å sjå på korleis vi på sikt kan gjera dette til grøne område vi kan vekse i, meiner han.