Banebrytande norsk prosjekt: Oppdrettsanlegg på havbotnen kan stoppe lakselusa

BERGEN (NRK): Verdas største oppdrettsselskap vil investere milliardar og bruke norsk undervassteknologi for å få bukt med luseproblema.

AquaStorm, Mowi

KLYNGE: Mowi vil kople saman tre klynger (illustrasjonen) til eit landanlegg. Infrastrukturen på havbotnen vil bli dyr. Laksen vil få luft frå ein slags ballong i toppen av kvart anlegg.

Foto: Mowi (illustrasjon)

– Dette vil definitivt vere den største investeringa vi nokon gong har gjort, seier prosjektleiar Henrik Trengereid i Mowi, tidlegare Marine Harvest.

Det banebrytande prosjektet han snakkar om kan bidra til å få bukt med lakselusproblema, ifølgje Mowi.

No vil selskapet bruke 3,1 milliardar kroner på å utvikle eit oppdrettsanlegg på havbotnen, føresett at dei får støtte frå styresmaktene.

Mowi har lenge halde korta tett til brystet om prosjektet «Aquastorm». Men no har dei teke patenta dei treng, og kan presentere planane.

Henrik Trengereid, Mowi

ANSVARLEG: Henrik Trengereid er ansvarleg for forsking og utvikling innanfor sjøvatnteknologi i Mowi. Han seier at dei har brukt betydelege beløp på prosjekteringa hittil.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Oljeteknologi

Nøkkelen til prosjektet er kunnskapen om installasjonar under vatn, der norsk oljenæring er i verdstoppen.

Når stadig fleire vil bremse oljenæringa og politikarane snakkar om det grøne skiftet, må Noreg finne nye industribein å stå på. Eitt av dei er havbruksnæringa, som regjeringa meiner kan femdoblast innan 2050.

– Vi vil fortsette å bygge vidare på det Noreg er god på, både når det gjeld havbruk og anna industri. Vi lener oss på pionerarbeid frå norsk oljenæring som skal adapterast til matproduksjon, seier Trengereid.

Vil du møte nokon du er ueinig med? Meld deg på Hele Norge snakker!

Forskar: Mindre lus i djupna

Mowi meiner «Aquastorm» kan løyse problemet både med lakselus og arealmangel i oppdrettsnæringa.

– Å halde fisken unna overflata, gjer at smittepresset på fisken vil gå drastisk ned, seier Trengereid.

Dette stadfester Ørjan Karlsen ved Havforskingsinstituttet, som leiar det nasjonale overvakingsprogrammet av effekten lakselus har på villaks.

– Det er rett at lakselus held seg nærare overflata. Jo djupare du kjem, jo mindre lakselus finn du i sjøen, seier han.

I roleg vatn kan fisk i merdar på 10 meters djupne unngå lus, ifølgje Karlsen. I område med sterk straum vil lusa bli trekt nedover, og merden må ligge endå djupare.

– Men det vil uansett vere mykje mindre lus enn det er lenger oppe, seier Karlsen.

Lakselus

HELD SEG HØGT: Lakselusa går ikkje djupt i vatnet.

Foto: Veterinærinstituttet

Vil ha hjelp frå styresmaktene

Mowi har no søkt heile 36 såkalla utviklingsløyve, som Fiskeridirektoratet tildeler bedrifter med nyvinningar knytt til lus og areal.

Løyva opnar for produksjon av 780 tonn fisk, er gratis i ein prøveperiode, og rimelegare seinare.

– Vi vil kjempe for å få det naudsynte talet på løyve for å gjennomføre prosjektet, seier Trengereid.

Mowi gjekk i fjor med fem milliardar i overskot. Dei trur «Aquastorm» blir lønsamt på sikt, men seier dei treng løyva for å dokumentere at prosjektet er lønsamt.

– Kvifor kan de ikkje betale sjølve, når de har så stor tru på prosjektet?

– Viss vi hadde hatt et konsept vi var brennsikre på fungerte, hadde vi berre gjort det. Men heile poenget med utviklingsløyva er å realisere prosjekt med ein viss uvisse og risiko knytt til det, seier Trengereid.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon