NRK Meny
Normal

Trur på femdobling innan 2050

Verda vil ha meir laks enn det produsentane klarar levere. Fiskeriministeren trur det er mogleg å femdoble produksjonen i Norge innan 2050.

Oppdrettslaks

FEMDOBLING: Fiskeriministeren meiner ei femdobling av produksjon av oppdrettslaks er mogleg innan 2050.

Foto: Lunde, Bjørn Erik Rygg / VG

Stor etterspurnad etter norsk laks gir lakseoppdrettarane i Norge grunn til å smile. Etterspurnaden er nemleg mykje større enn det dei greier levere, og prisen har gått i vêret.

2013 vart eit rekordår for lakseoppdrettarane langs kysten.

Trur ikkje på forskarane sin spådom

Men kan oppdrettsnæringa greie vekse nok i tida framover? Det spørsmålet stridast ekspertane om, skriv Aftenposten.

I ein rapport skriven av mellom SINTEF, anslår forskarane at lakseproduksjonen i Norge vil femdoblast frå i dag og fram til 2050. Ein slik vekst fram mot 2050 vil innebere ein vekst på like over fire prosent kvart år, seier forskarane.

Aslak Berge som er redaktør for nettstaden ilaks.no har ikkje trua på spådommen. Han viser til at det er for mange miljøaspekt som må løysast for at næringa skal kunne vekse så mykje.

– Men dette er sjølvsagt opp til politikarane. Ein må sjølv bestemme seg for kor stort miljøavtrykk ein vil etterlate, seier Berge til Aftenposten.

Oppgitt over ministeren

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker seier til avisa at regjeringa har som mål at oppdrettsnæringa skal halde fram å vekse.

Problema med rømming og lakselus meiner ho er delvis løyste allereie, og ministeren trur ikkje ei femdobling av produksjonen innan 2050 er umogleg.

Dette gjer generalsekretær Nina Jensen i WWF-Norge oppgitt.

– Det er ikkje rom for å setje fleire fisk i sjøen i dag. Først må dei betydelege problema med rømming og lus løysast, seier ho til avisa.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast