Hopp til innhold

Avslørte overgripar i historisk samarbeid: – Vi tar gjerningspersonar som føler seg trygge

Politiet seier dei har utvikla etterforskingsmetodane sine og at risikoen for å bli tatt for overgrep over nettet er blitt større på kort tid.

Hus der politiet i Fillippinene aksjonerte

AKSJONERTE HER: I dette huset redda filippinsk politi, med hjelp av norsk politi, ut fem born dei meinte vart utsette for live-overgrep på nettet.

Foto: Politiet

Det var fredag at filippinske styresmakter fortalde om ein hemmeleg og koordinert aksjon mellom norsk politi, amerikansk politi og lokalt politi.

Aksjonen førte til pågripinga av ein filippinsk mann. Han er mistenkt for å ha produsert og direktesendt seksuelle overgrep mot barn.

– Det første gang i historia at norsk politi, amerikansk politi og lokalt politi har samarbeida. Det er veldig bra å sjå at det har gitt så gode resultat, der vi har fått viktig informasjon og bevis i vår sak, seier politiadvokat Sidsel Isachsen til NRK på telefon frå Filippinane.

– Risikoen for å bli oppdaga er blitt større

Det var etterforskarar frå operasjon Dark Room i Vest politidistrikt som avslørte filippinaren. I februar i fjor arresterte dei ein norsk tobarnsfar, som dei meiner har bestilt direktesendingane.

– Vi har tatt fleire gjerningspersonar som har følt seg veldig trygge, fordi dei har tatt grep for å skjule spora sine på nettet. Men vi i politiet har utvikla metodane våre slik at risikoen for å bli oppdaga er mykje større enn den var for berre for kort tid sidan, seier politiadvokat Janne Ringset Heltne, som er med å leie operasjon Dark Room.

Heltne peikar stor fattigdom, gode engelskkunnskapar og godt utbygd internett som faktorar for at Filippinane har blitt ein stad der folk produserer overgrepsfilmar bestilt i stor grad av menn frå vestlege land.

– Det er skummelt å tenke på kva som vil skje når internett blir betre utbygd i andre fattige land. Vi har i vår etterforsking også gjort funn i land i Aust-Europa.

Janne Ringset Heltne

ETTERFORSKAR OVERGREP: Janne Ringset Heltne er politiadvokat i Vest politidistrikt.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Jobbar med å identifisere fleire

Det er tidlegare avslørt fleire nordmenn som har bestilt og sett på direktesende overgrep mot barn på Filippinane.

– Er det fleire som kjem til å bli arrestert i denne saka?

– Det er vanskeleg å seie på noverande tidspunkt. Vi har ikkje identifisert alle kontaktar og vi konsentrerer oss om det som vi ser er mest alvorleg og viktig å få avklara, svarar Sidsel Isachsen.

Sidsel Isachsen, Anselmo Ico

MED PÅ AKSJON: Tre personar frå Vest politidistrikt og to frå Kripos var med i aksjonen på Filippinane denne veka. Her er politiadvokat Sidsel Isachsen på fredagens pressekonferanse i Manila.

Foto: Bullit Marquez / AP

– Utfordrande

Ho tek sikte på å avslutte etterforskinga mot den overgrepssikta nordmannen innan juni. Då blir saka sendt til Statsadvokaten for påtaleavgjerd.

Seksuelle overgrep mot barn har fått høg prioritet i norsk politi dei siste åra. Isachsen seier det er auka fokus på det også i politiet på Filippinane.

– Det blir i større og større grad prioritert av politiet der, noko som er bra å sjå. Vi har inntrykk av at dei er svært opptekne av å avsløre saker som dette, avsluttar Isachsen.