Hopp til innhold

Fem barn redda etter at norsk politi avslørte overgripar i Filippinane

Først avslørte politiet nordmannen i Dark Room-komplekset. Så gav dei seg ut for å vere han i samtalar med ein filippinsk produsent av overgrepsmateriale.

Hus der politiet i Fillippinene aksjonerte

AKSJONERTE HER: I dette huset redda filippinsk politi, med hjelp av norsk politi, ut fem born dei meinte vart utsette for live-overgrep på nettet.

Foto: Politiet

Fredag opplyste filippinske myndigheiter at norske og amerikanske polititenestemenn har delteke i ein hemmeleg aksjon som førte til at ein filippinsk mann denne veka blei arrestert.

Mannen skal ha filma at han utnytta barn seksuelt, og delt materialet på internett.

– Dette har bakgrunn i at vi har etterforska ei Dark Room-sak som gjeld mistanke om livestreaming av seksuelle overgrep mot barn, seier Janne Ringset Heltne i Vest politidistrikt til NRK.

Gav seg ut for å vere arrestert nordmann

I januar i fjor vart ein mann frå Hordaland arrestert og sikta for å ha bestilt og kjøpt overgrepsmateriale frå ein produsent på Filippinane.

Nordmannen har to eigne born. Han har sidan vore varetektsfengsla.

Etter at mannen var gripen av politiet, oppretta dei kontakt med den filippinske mannen på Skype. Der gav politiet seg ut for å vere nordmannen.

Den hemmelege aksjonen førte til at filippinsk politi torsdag kunne aksjonere mot mannen som dreiv produksjon av overgrepsmateriale i ein landsby ved byen Malolos nord for Manila.

– Norske og amerikanske politifolk har gitt avgjerande bidrag som førte til aksjonen og arrestasjonen av mannen, opplyste filippinske myndigheiter på ein pressekonferanse fredag.

Pressekonferanse i Filippinane med norsk politi

MANILA: Sidsel Isachsen frå Vest politidistrikt var fredag til stades under pressekonferansen i Manila. Den arresterte mannen i oransje var også til stades og måtte svare på spørsmål frå pressen.

Foto: Politiet

I ei pressemelding opplyser politiet at tre personar frå Vest politidistrikt og to frå Kripos deltok i aksjonen.

– I etterforskinga har vi inngått eit samarbeid med filippinsk politi og USA. Kripos har også medverka. No har vi personell både frå Vest politidistrikt og Kripos på Filippinane, som har delteke i aksjonen, seier Heltne, til NRK.

Hevdar filmane er falske

Fem barn vart redda under aksjonen. Dei vert skildra som nokre av borna som er blitt utsette for overgrep.

– Transnasjonal kriminalitet som seksuell utnytting av barn er, er høgt prioritert i Noreg og vi er glade for at deira samarbeid i denne saka så langt har gitt oss så handfaste resultat, sa politiadvokat Sidsel Isachsen under pressekonferansen på Filippinane.

Der viste også myndigheitene fram den arresterte mannen, som svarte på spørsmål frå pressa.

Han vedgår at han har produsert filmane, men hevdar overgrepa var iscenesette og ikkje reelle overgrep.

– Det er falske nyheiter, sa han under pressekonferansen, ifølge Ap.