NRK Meny
Normal

– Sjølvsagt skal vi hjelpe Garage

Over 40 ulike band og artistar speler denne veka konsertar til inntekt for rockeklubben. – Det varmar med eit slikt engasjement, seier dagleg leiar.

Gå til forsiden

GarageAid

Metallbandet Sahg

GarageAid

6 bilder

    Då det før jul vart kjend at rockeklubben Garage stod i fare for å måtte stenge dørene, vart store krefter sett i sving. På vekefestivalen «7 dagar i Garagen» stiller over 40 band og artistar opp. Pengane skal hjelpe klubben med å stable seg på beina økonomisk.

    Metallbandet Sahg er blant dei som har rydda kalenderen for å hjelpe. Vokalist Olav Iversen meiner klubben har spelt ei stor rolle i karrieren deira.

    – Det var her det starta. Vi spelte vår fyrste konsert her, og Garage er vår musikalske heim, seier han.


    Han fortel at dei sjølvsagt vil hjelpe rockeklubben.

    – Eg trur ikkje nokon som driv med musikk her i byen ynskjer at Garage skal stenge. Når det står i fare for å skje, må vi sjølvsagt forhindre det. Det vil vere katastrofalt for alt som har med rock å gjere dersom Garage forsvinn, trur han.

    Også trommespelar Mads Lilletvedt fryktar konsekvensane.

    – Då vil vi miste den hjørnesteinen som har vore med å skape fundamentet for rock og metallscena i Bergen i over 25 år.

    Syner fram ukjende artistar

    Dagleg leiar på Garage, Henning Christensen, fortel at dei har opplevd eit rørande engasjement.

    – Dette betyr veldig mykje. Det mest fantastiske er iveren hjå artistar som vi ikkje ein gong har spurd om å stille opp. Dette har gjeve oss trua på at dette kan gå bra.

    Christensen vedgår at dei kunne ha drifta Garage på ein betre måte økonomisk.

    – Vi kunne sjølvsagt ha skaffa artistar som genererer ølsal og pengar i døra, men det er ikkje det vi har lyst til.

    For mange er nemleg klubben i Christies gate kjent for å syne fram ferske og upolerte band.

    – Vi har låg terskel for å sleppe folk på scena. Vi tapar pengar på dei som enno ikkje har skapt seg eit namn, men kva scene skulle dei ha stått på dersom det ikkje var for Garage, spør Christensen.

    Henning Christensen, dagleg leiar på Garage

    VIL IKKJE GJE SEG: Dagleg leiar på Garage, Henning Christensen, ynskjer å halde fram med å sleppe til dei ukjende delane av kultur-Bergen på scena. Dette trass i at dei tapar pengar på slike arrangement.

    Foto: Elise Angell / NRK

    Tok lån på eigen bustad

    Christensen og ein kollega har sjølv teke lån på bustadane sine for å hjelpe Garage. I tillegg har dei fått eit større lån av Bergen Live.

    – Dette hjelper jo ikkje på sikt, men det har betra likviditeten vår og vi kan på denne måten halde hengelåsen vekke ei stund til, seier Christensen.

    Han understrekar at dei må finne ein berekraftig måte å drive klubben på for å unngå slike hjelpearrangement i framtida.

    – Vi må utvide og nå ut til fleire folk samtidig som vi tek vare på identiteten til Garage. Vi skal framleis vere eit springbrett for alle kulturspirene som ikkje har andre plassar å gjere av seg, forsikrar han.

    Siste video

    Programleder: Mariann Reikerås
    programleder Mariann Reikerås
    Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.