NRK Meny
Normal

– Dei har mista ein stor del av identiteten sin

ODDA (NRK): Kommunelegen skildrar dei siste dagane som «total krise» for Odda-samfunnet. – Det aller viktigaste er å få ting raskt på plass igjen, slik at familiane kan tenka framover, seier han.

Steinar Jacobsen

– TRAUMATISK: Kommuneoverlege i Odda, Steinar Jacobsen, prisar seg lukkeleg over at ingen kom til skade eller at liv gjekk tapt i flaumen. – Det er veldig, veldig traumatisk for dei som har opplevd å mista hus og heim på ein slik måte, seier han.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det varierer veldig kor lenge ei slik oppleving sit i folk.

Steinar Jacobsen, kommunelege

NRK møter kommuneoverlege Steinar Jacobsen ved Hjøllo bru i Odda laurdag føremiddag. Det er kort tid til statsminister Erna Solberg kjem for å møte oddingane og sjå dei uverkelege øydeleggingane i hardangerkommunen med eigne auge. Føremiddagen har bydd på opplett i været, men i det klokka nærmar seg tolv har det byrja å regne igjen.

Då vasskreftene stod på som verst natt til onsdag denne veka, måtte brua over til Hjøllo gi etter. I dag ligg den brakk medan arbeidarar byggjer ei mellombels gangbru for at folk på austsida av brua kan ta seg til og frå heimane sine.

LES OGSÅ: Oversikt over dei enorme øydeleggingane på Vestlandet

– Veldig traumatisk

Men mange står også utan heim etter flaumen sine herjingar: Fem hus vart slukt då Opoelva gjekk langt over sine breidder og nærast skar seg gjennom Odda sentrum.

Erna Solberg

MISTA HUSET: Statsminister Erna Solberg besøkte i dag flaumråka Odda. Her er ho i samtale med Elise Kaland Granheim, som mista familiens hus i flaumen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Det er veldig, veldig traumatisk for dei som har opplevd å mista hus og heim på ein slik måte, seier Jacobsen. Han skildrar dei siste dagane som «total krise» for Odda-samfunnet.

– Det har gått hardt inn på heile befolkninga. Sjølvsagt også for oss som har roller i dette, det har vore ein utruleg arbeidskrevjande periode med lite søvn. Men me tenkjer mest på familiane som opplevde infernoet natt til onsdag og no står utan ein heim å venda tilbake til.

Kommuneoverlegen prisar seg lukkeleg over at ingen kom til skade eller at liv gjekk tapt i flaumen.

LES OGSÅ: – Vi må rive fleire hus etter flaumen

(Artikkelen held fram under biletet)

hjøllo bro

BRUKOLLAPS: Bygda Hjøllo i Odda blei evakuert og isolert etter at bruka kollapsa.

Foto: Eva Hansen / 03030-tipser

– Snakk med kvarandre

Saman med heim og personlege eigedelar, har også noko av tryggleiken forsvunne for dei som måtte sjå husa gå tapt.

Det er skremmande å sjå kva naturen kan få til.

Halvard Eriksen

– Det er klart at dei som mistar huset sitt, mistar ein stor del av identiteten sin. Men forhåpentlegvis er tryggleiken borte berre for ein kort periode, seier Jacobsen.

– Tryggleiken i liva våre held til på dei faste tilhaldsstadene, slik som hus, arbeid og andre sosiale miljø. I tider som dette er det veldig viktig at dei som er råka hardast nyttar seg av dei faste tilhaldsstadene som dei framleis har.

Jacobsen legg til at det er i slike kriser ein ser verdien av å vere saman i eit lokalsamfunn.

LES OGSÅ: Fant fotoalbum i fjorden syv kilometer unna

Møtte flaumråka familiar

Like etter klokka 12.00 var statsminister Erna Solberg på plass ved Hjøllo bru. Dei første ho fekk møte var familien Kaland Granheim, som er ein av familiane som tysdag ettermiddag måtte evakuere. Seinare ut på natta måtte huset deira gi tapt for vasskreftene.

SJÅ VIDEO: Statsministeren møter folk i Odda

Halvard Eriksen

– SKREMMANDE: – Det er skremmande å sjå kva naturen kan få til, seier Halvard Eriksen i Sivilforsvaret. Her i samtale med Lars Sponheim.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det er veldig sterkt å høyre skildringane til menneska som er råka av dette, seier Solberg til NRK etter å ha blitt synt rundt i dei hardast råka områda i Odda.

Ho skryt også av lokalbefolkninga og alle som har stilt opp og gjort ein innsats i kampen mot flaumen. Dei siste dagane har vore harde for veldig mange.

– Det er skremmande å sjå kva naturen kan få til. Det har vore tøffe tak men heldigvis har me gode samarbeidspartnarar og gode venner, seier fungerande sjef i Sivilforsvaret i Hardanger, Hallvard Eriksen.

– Det er rørande når lokalbefolkninga kjem ut og serverar oss varm mat og drikke medan det stod på som verst. Så samhaldet har vore sterkt. Ting er aldri så gale at det ikkje er godt for noko.

LES OGSÅ: Sivilforsvarleiaren såg huset sitt bli tatt av flaumen

Ser framover

Kommuneoverlege Steinar Jacobsen seier at helseetaten i kommunen framover vil følgje opp dei som er råka.

– Opplegget vil bli individuelt etter korleis me ser dei takle situasjonen som dei er kome i. Det er veldig variabelt kor lenge ei slik oppleving sit i folk.

– Det aller viktigaste er som sagt at ein kan få ting raskt på plass igjen, slik at familiane kan tenka framover i staden for å leva i krisen over det som er tapt, avsluttar Jacobsen.

LES OGSÅ: Lover rask støtte til de flomrammede kommunene

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2