Hopp til innhold

Sivilforsvarleiaren såg huset sitt bli tatt av flaumen

Knut Granheim såg huset sitt bli slukt av vassmassene i Odda tysdag morgon. – Det er nesten ikkje til å tru. Eg blei ståande å sjå på at mitt eige hus rasa saman, seier Granheim.

Huset

PÅ VEG I ELVA: På biletet ser ein huset til Granheim som blir slukt av elva. Ved sida av huset som er ringa inn har det tidlegare stått to hus. Begge desse rasa ut i elva rett før huset til Granheim rasa ut.

Foto: Knut Granheim

Granheim er sjølv leiar i sivilforsvaret i Odda og har arbeidd i heile natt for å hjelpa politiet i Odda. Då NRK snakka med han like før klokka 09.00 har han vore på jobb sidan tysdag kveld.

– Det er sjølvsagt veldig tøft å arbeide heile natta når eg sjølv har mista huset mitt, men eg set pris på å kunne hjelpa, seier Granheim.

Vestlandet har vore ramma av kraftig av store nedbørsmengder og flaum det siste døgeret. På Voss i Hordaland har det vore 200-årsflaum, og i Flåm i Sogn og Fjordane er fleire hundre personar evakuert frå heimane sine.

Blei vitne til at huset forsvann

kNUT gRANHEIM

DRAMATISK: Det har vore ei særs dramatisk natt for leiaren i sivilforsvaret i Odda. han har leia sivilforsvaret sitt arbeid i Odda samstundes som han mista sitt eige hus i flaumen.

Foto: pRIVAT

I natt har Granheim arbeidd med å hjelpe politiet og kommunen med å evakuere bygningar, auke vakthald og diverse sikringsarbeid.

I Odda har fem hus, fleire uthus og garasjar og ein buss hamna i elva i løpet av natta.

Like før klokka 05.00 tysdag morgon blei Granheim vitne til at huset han har vore busett i i 15 år blei slukt av dei enorme vassmassene.

– Eg kunne nesten ikkje tru mine eigne auge. Klokka var nøyaktig 04.50 då huset byrja å rase. Like før hadde dei to husa til mine to næraste naboar rasa ut i elva. Alt er vekk, seier Granheim.

Då NRK snakkar med sivilforsvarleiaren står han og ser utove området der huset hans stod.

– Akkurat no ser eg utover enorme øydeleggingar. Det er veldig tøft dette her. Eg ser tomta mi, men der står ikkje eit hus lenger. Alt er vekk er vekk. Verken eg eller naboane mine har ein stad å bu lenger, seier han fortvila.

(Artikkelen held fram under biletet)

opo

STOR ELV: Opo i Odda er stor. Natt til onsdag hamna fem hus i elva.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Takksam for at familien er trygg

Granheim fortel at det har vore spesielt å vere ut for å hjelpa andre samstundes som hans eigen familie måtte evakuere og mista huset sitt.

– Det er sprøtt å vera ute for å hjelpa andre. Me har mista huset vårt. Eg har budd der i 15 år og var sikker på at huset stod trygt. Eg har aldri sett noko liknande, det har vore enorme krefter i sving-

Han legg til at han prisa seg lukkeleg over at alle i familien har det bra.

– Trass alt er det berre materielle ting det er snakk om. Alle i familien har det bra og er innlosjerte hjå anna familie i Odda.