Hopp til innhold

– Vi må rive fleire hus etter flaumen

Fem hus er allereie tatt av Opoelva i Odda. No må kommunen rive inntil fem hus til. Dei kan ikkje bergast. To av husa kan gå gå i elva allereie i natt.

Se elvens herjinger i Odda

HUS I FARE: Like ved staden der tre hus strøyk med elva, står eitt hus i fare for å skli ut i vatnet. No seier kommunen dei blir nøydde til å rive fleire hus, fordi dei ikkje kan reddast.

Vi blir nøydde til å rive to til fem hus. Dei kan ikkje bergast.

Jostein Eitrheim, teknisk sjef i Odda

Natt til onsdag forsvann fem hus i Opoelva. 75 personar er evakuert, frå 39 bygg. Odda-ordførar John Opdal seier kreftene i vannmassene har jobba seg inn under grunnmuren til husa.

Torsdag kveld fortel han at to av husa står i fare for å rase i elva natt komande natt.

– To hus i Røldalsveien står godt ute på elvekanten og kan gå i elva i natt. Vi har fullt vakthald også i natt, og det er særs viktig at folk ikkje bryt sperringane og tek seg inn til elvebredden, seier Opdal til NRK.

Fem hus må truleg rivast

Kommunen vil bli nøydde til å rive inntil fem hus, ifølge Jostein Eitrheim, teknisk sjef i Odda kommune.

– Vi ser hus som vi trur må rivast, fordi dei har fått så mykje utgraving at vi ikkje trur det vil være mogleg å berge dei. Dette er ein jobb som vi må ta fatt på seinare, når den første fasen er over, seier Eitrheim.

Kommunen skal gå over eigedomane langs med elva og vurdere skadane, men ikkje før den akutte faren er over.

– Men allereie no ser vi at fleire av husa kan ha vore så undergravd at det ikkje vil være mulig å stabilisere dei nok til at dei kan flyttast inn i igjen, seier Eitrheim.

Han utelukker ikkje at det kan reisast nye bygg på desse tomtene. Samtidig seier fleire av dei som har mista husa sine idag, at dei ikkje kunne tenke seg å bygge nytt i same området.

Hus graves ut fra grunn

TROR IKKE HUSET KAN BERGES: Huset til Jan Nordli er sterkt undergravd av dei valdsamme vassmengdene. Nordli trur ikkje at huset kan bergast.

Foto: NRK

– Huset mitt vil gå

Jan Nordli eier huset som seier han ikkje har forventningar om å berge huset sitt.

– Eg har forsont meg med at huset mitt ikkje blir berga, seier Nordli.

Han og kona står attmed sperrebandet ved sidan av huset deira når NRK snakkar med dei. Dei har venta på å få ein mulegheit til å hente ut nokre eigedelar frå huset, men så langt har det ikkje vore trygt nok.

– Vi har ingenting anna enn det vi står og går i. Vi tok ikkje med oss noko då vi vart evakuert, seier Nordli.

Han har budd i huset sidan 1973, og budde i nabohuset gjennom heile barndommen.

– No er det ikkje noko att av huset vårt. Det er berre vatn overalt. 10 til 15 meter av hagen vår er berre vekke, seier Nordli.

– Eg kjenner meg berre tom. Heilt tom.

Huset hans står attmed tre hus som forsvann i løpet av natta. Kommunen seier dei kan bygge opp att hus på tomta, med tider og stunder. Det vil ikkje vere aktuelt for Nordli.

– Det er ikkje noko att der for meg. Det er berre ein jordhaug.

Framleis evakuert

Geologar er på staden og gjer vurderingar av området. Ingen av husa skal stå i fare for å rase med elva akkurat no. Vannstanden på veg ned, slik at situasjonen førebels blir stabilisert.

– Vi opprettheld evakueringa førebels, seier Per Helge Sekse i politiet i Odda.

Det er sett ned eit kommunalt kriseteam for dei som har mista heimane sine.

Vestlandet har vore ramma av store nedbørsmengder og flaum det siste døgeret. På Voss i Hordaland har det vore 200-årsflaum, og i Flåm i Sogn og Fjordane er fleire hundre personar evakuert frå heimane sine.

I Odda har fem hus, fleire uthus og garasjar og ein buss hamna i elva i løpet av natta.

  • LES ALT OM FLAUMEN PÅ VOSS OG PÅ EVANGER HER

– Fem hus har hamna på elva i Odda, og det er eit hus i Røldalsvegen som me er redd for at også kan hamne der, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

Hus graves ut fra grunn

TROR IKKE HUSET KAN BERGES: Huset til Jan Nordli er sterkt undergravd av dei valdsamme vassmengdene. Nordli trur ikkje at huset kan bergast.

Foto: NRK

– Det skuldast at elva er så stor, og at den grev ut massane under husa. Til slutt så hamnar dei i elva, seier han.

Huset i Røldalvegen har fått mykje av jordmassene gravd ut frå under huset. Omlag ein fjerdedel av huset står i lause lufta.

75 personar evakuert

På Voss har politiet ikkje hatt nokon meldingar om at situasjonen har forverra seg, men i Odda hamna også ein garasje og ein buss i elva.

75 personar evakuerte frå heimane sine i Odda. Heile 22 hus på vestsida med totalt 45 personar er evakuerte. På austsida av vassdraga er det evakuert 17 hus med totalt 23 personar.

– Ein buss som stod parkert gjekk på elva i løpet av natta, seier Morten Kronen hjå politiet i Hordaland.

Sjå pressekonferansen her

Pressekonferans fra Odda
Pressekonferanse fra Odda

Kommunelegen seier dei får mange bekymringsmeldingar frå innbyggjarane, som vil vete når dei kan flytte attende til heimane sine.

Framleis mykje vatn

Elven Opo under flommen

MYKJE VATN: Det er høg vassføring i elva Opo. Her frå tysdag kveld.

Foto: Valborg Sekse

Det er framleis mykje vatn i Opoelva, og politiet seier situasjonen framleis er alvorleg og uavklart.

– Rett nok har vasstanden i elva gått noko ned, men vatnet finn stadig nye vegar, så det er framleis ein alvorleg situasjon, seier operasjonsleiar Morten Kronen.

Ordføraren i Odda seier beredskapen har fungert godt i kommunen.

Flom+i+Odda-7.JPG

OPP TIL VEGGEN: Jan Åge Stengårdsbakken fekk Opovassdraget tett opp til husveggen tysdag kveld. Ikkje langt frå huset hans blei ein garasje riven vekk av elva.

– Folk frå kommunen og Sivilforsvaret har vore ute i heile natt, og dei som har mista husa sine blir tatt vare på av kriseteamet.

Dei evakuerte er no innlosjerte på hotell.

– Det er tragisk når folk mister husa sine, og dei har også fått med seg svært lite ut av husa sine når dei blei evakuerte, seier Opdal.

Litt etter klokka 08 opna vegen på brua over Opoelva.