NRK Meny
Normal

9 av 10 har fått det verre etter at kommunen innførte nye stoppeklokker

Bergen kommune reduserte normtider i heimetenestene for å spara pengar. Endringa får krass kritikk i ny rapport.

Kjell Larsen og Sverre Simonsen

HEKTISK KVARDAG: Sjukepleiar Sverre Simonsen er ein av fleire i heimesjukepleia i Bergen, som har peikt på stoppeklokke-endringane som grunn til auka sjukefråvær og forverra arbeidskvardag i heimesjukepleia. No får han støtte i ny rapport. Her heime hjå Kjell Larsen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

I desember i 2015 gjorde byrådet Bergen ei nedkorting av dei såkalla normtidene i heimetenestene (sjå faktaboks).

Endringa medførte at sjukepleiarane fekk mindre tid til kvar enkelt brukar. Opposisjonen og fagforeiningane var sterkt imot endringane, og frykta høgare sjukefråvær, svekka eldreomsorg og eit dårlegare tilbod til byens befolkning.

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) haldt fast på at endringa var forsvarleg og at ho ville evaluerast grundig.

Senter for omsorgsforsking ved Høgskulen på Vestlandet fekk i oppdrag å evaluera konsekvensane av endringane for brukarane, dei tilsette, kommuneøkonomien og «forsvarlegheitskravet».

Resultatet er ein skandale. I dag har byens eldre befolkning god grunn til å vera rasande.

Mikkel Grüner (SV), leiar av helsekomiteen i Bergen

– Sparetiltak kan gi auka kostnader

I evalueringa kjem senteret med krass kritikk mot endringa. Tilsette og brukarar dei har intervjua har alle gitt uttrykk for til dels sterk frustrasjon over endringa.

  • Heile 86 prosent av dei tilsette meiner at endringane har ført til negative konsekvensar for brukarane.
  • 89 prosent meiner kvardagen deira har blitt forverra etter innføringa av normtidene.

Silje Helen Sæterdal var ein av mange NRK snakka med som fortalde om auka arbeidspress og situasjonar på grensa til det uforsvarlege.

I dag jobbar ho på Haukeland sjukehus. Sæterdal er ikkje overraska over konklusjonen.

– Dette viser at ein ikkje har vore godt nok klar over kva heimesjukepleie går ut på. Det er bra at dei tilsette har sagt ifrå og at ein no kan få ei endring, seier Sæterdal til NRK.

Silje møtte veggen

SLUTTA I JOBBEN: Sjukepleiar Silje Helen Sæterdal slutta i jobben som heimesjukepleiar etter stort arbeidspress. Ho trekte fram normtidene som ein stor del av problemet. – Det er bra at dei tilsette har sagt ifrå, seier Sæterdal til NRK.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Kontroversiell endring

Helsebyråd Ljosland argumenterte for at endringa tvang seg fram på grunna av økonomiske omsyn, men nekta for at endringa ville gå på kostnad av fagleg forsvarlegheit.

Men det som kommunen innførte for å spara pengar, kan i realiteten gi Bergen auka kostnader, konkluderer Senter for omsorgsforsking.

– Denne rapporten er tydeleg på at innføringa av nye normtider har hatt fleire negative konsekvensar. Eg vil allereie no varsla at byrådet kjem til å gjennomføre endringar i heimetenestene, og me vil koma tilbake til bystyret med eiga sak om både rapporten og tiltak me vil gjennomføra, seier byrådsleiar Harald Schjelderup i ei pressemelding.

Harald Schjelderup

VIL ENDRA HEIMETENESTA: Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) i Bergen.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

Fungerande helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) seier det er tydeleg at systemet ikkje har fungert slik det var tenkt. Ho meiner evalueringa viser at ein har kommunisert for dårleg at tenestene skal vera tilpassa kvar brukar og at normtidene berre er rettleiande.

– Fokuset på kvart individ har blitt trumfa av eit for sterkt detaljnivå. Eg har møtt tilsette som har gitt uttrykk for at endringane har ført til ein meir hektisk kvardag og at systemet blir oppfatta som for rigid. Så heilt overraskande er det ikkje, seier Gåskjenn, som understrekar at ho tar resultatet på alvor.

– Auka fare for uforsvarleg pleie

Leiar for helsekomiteen i Bergen Mikkel Grüner har vore blant dei mest kritiske røystene mot endringane.

Han kallar det nedslåande resultatet ein skandale.

– Evalueringa er grundig og viser det som me har visst heile tida. I dag har byens eldre befolkning god grunn til å vera rasande på byrådet, seier Grüner til NRK.

Mikkel Grüner

SKANDALE: Mikkel Grüner meiner det er uverkeleg at byrådet har haldt fast ved endringa trass i tilbakemeldingar frå tilsette, brukarar og tillitsvalde.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Åtte av ti av dei intervjua meinte at endringa har ført til auka risiko for brot på «forsvarlegheitskravet». Grüner meiner det viser ei alvorleg svikt i avgjerda om å justera normtidene.

– Det er på tide at byrådet tek ansvar og gjer det einaste riktige: Å reversera dei nye normtidene umiddelbart.

Helsebyråd Gåskjenn håpar at byrådet kan leggja fram ei sak om endringar i heimetenestene til politisk behandling i oktober.

Her er nokre av konklusjonane:

  • Dei negative verknadene på tilsette sin arbeidssituasjon og faglege engasjement, og sannsynlege negative følgjer for rekruttering av personell med riktig kompetanse, kan på lengre sikt gi auka kostnader.
  • Datagrunnlaget frå brukarar, tilsette og tillitsvalde indikerer at endringane har ført til auka risiko for brot på forsvarlegheitskravet.
  • Tilsette opplever sin arbeidskvardag som meir hektisk etter endringane. Det er høgt sjukefravêr i heimetenestene. 89 % av tilsette i heimesjukepleia og 73 % i heimehjelpa opplever arbeidskvardagen som forverra etter endringane. Dette skapar «økt slitenhet, mindre rom for brukermedvirkning og personorienterte tjenester og mindre rom for faglig skjønnsutøvelse, forebygging, rehabilitering og annet oppfølgingsarbeid».
  • Dei tilsette opplever normtidsdokumentet som for detaljert og etterlyser opnare normer som gir større rom for brukarinvolvering og ulike faglege
    tilnærmingar. Det ligg eit stort uforløyst potensial i heimetenestene
    dersom det blir betra rammevilkår for å utøva fagleg kompetanse.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Norge nå er et direktesendt show fra hele landet.
Programleiar: Jan Børge Leirvik