Hopp til innhold

Kommunens nye helse-app: Pleiarar blir kasta ut 50 gonger for dagen

FANA (NRK): Pasientinformasjon på mobilen skulle spare tid og pengar i heimesjukepleia. Men problem med pålogging gjer at pleiarane i Bergen har gått tilbake til papir.

Mobil omsorg

BLIR KASTA UT: Appen «Mobil Omsorg» skal gi heimesjukepleiarar all informasjon dei treng om pasientar – i felten. Men dei må bruke mykje av tida på å logge inn.

Foto: Håvard Holme/Bergen kommune

– Nettdekninga til systemet er alt for dårleg, seier heimesjukepleiar Sturle Larsen.

Denne veka har NRK sett søkelys på mobilsystemet «Mobil Omsorg», som er i bruk i fleire kommunar rundt om i landet.

Bergen kommune er akkurat i ferd med å sette det ut i liv, men dei tilsette i heimesjukepleia er misnøgde med det nye digitale systemet som skal spare Bergen kommune for titals millionar kroner i året.

Ei kartlegging gjort blant 14 tilsette i Fana viser at pleiarane svært ofte blir kasta ut av systemet, og difor må logga inn på nytt. Dei loggar inn i snitt 30 gonger kvar dag.

På det verste må pleiarar logge seg inn over 50 gonger dagleg.

Bruker heller papir

«Mobil Omsorg» inneheld pasientopplysningar, helseinformasjon og personalia om pasientar. Tanken er at pleiarar skal få vite alt dei treng om pasientane på mobilen når dei er ute i felten.

– Dei som måtte logge seg inn over 50 gonger var medarbeidarar med ukjende pasientlister, der alle opplysningar må hentast frå mobilsystemet. Det seier seg sjølv at ein brukar mykje tid berre på pålogging, seier Larsen.

Sturle Larsen

ER OPPGITT: Heimesjukepleiar Sturle Larsen seier han og kollegaene er frustrert over at appen som skulle gjera jobben lettare er blitt ein tidstjuv.

Foto: Even Norheim Johansen/NRK

Difor droppar tilsette i heimesjukepleia å bruke appen. I staden går dei over til det gamle systemet: Arbeidslister på papir.

Helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) er ikkje begeistra for at fleire tilsette igjen har teke i bruk dei gamle arbeidslistene på papir. Ho forstår likevel at problema gjer det frustrerande for dei tilsette i heimesjukepleia.

– Eg set pris på tilbakemeldingar. Vi må ta dette på alvor, og sjå kva vi kan gjere med det, og om utfordringane er systemfeil eller behov for meir opplæring, seier Gåskjenn.

– Det forbausar meg at etaten insisterer på at vi skal bruke eit ineffektivt system, når vi har eit anna som er påliteleg og mindre tidkrevjande, seier Larsen.

Vigdis Anita Gåskjenn

GLAD FOR BESKJED: Helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) set pris på tilbakemeldingane og lovar å sjå på kva som må gjerast.

Foto: Magne Sandnes / Bergen kommune

– Urealistisk

Då bystyret onsdag vedtok budsjettet for neste år, var Senterpartiet, Høgre, Raudt og Framstegsparti kritiske til at byrådet føreset at mobil omsorg vil gi store innsparingar allereie dei første åra.

– Det er heilt urealistisk, sa Hilde Onarheim (H).

Sturle Larsen har sjølv sendt etatsleiinga ei liste med forslag til betringar. No ventar han at dei tilsette blir høyrt for at systemet ikkje skal verka mot sin hensikt.

– Systemet har sine kvalitetar, men då må det bli utvikla vidare i samarbeid med sluttbrukarane som ser korleis det faktisk fungerer i felt.

Sjå Bergen kommunes presentasjon av «Mobil omsorg»: