Hopp til innhold

21 lensmannskontor og politistasjonar kan bli lagt ned

Ei arbeidsgruppe i Vest politidistrikt føreslår å legga ned tolv lensmannskontor i Sogn og Fjordane, og tre politistasjonar og seks lensmannskontor i Hordaland.

Helge Stave

KUTTFORSLAG: Prosjektleiar Helge Stave har nå mottatt arbeidsgruppa sitt forslag om 21 nedleggingar i Vest politidistrikt.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Vest politidistrikt orienterte mandag om at deira arbeidsgruppe for politireformen foreslår å legga ned 18 lensmannskontor, og i tillegg dei tre politistasjonane Åsane, Fana og Fyllingsdalen i Bergen.

– For små kontor

Denne anbefalinga er no levert til politimeisteren i Vest politidistrikt og vert lagd fram for styringsgruppa 5. oktober. Politimeister Kaare Songstad vil deretter senda sitt forslag ut på ordinær, seks vekers høyringsrunde frå 14. oktober. Fristen for tilbakemelding for denne høyringa er 1. desember.

Songstad vil ikkje vil kommentera saka før han legg fram sitt forslag, men han har tidlegare sagt:

– I begge fylka er det kontor som ikkje er store nok i forhold til føringane vi har fått. Dei resursane prøver vi å gjera om til anna politiverksemd i dei same områda, sa Songstad på eit møte hjå Sogn regionråd i september.

Kaare Songstad

FØREBELS TAUS: Politimeister Kaare Songstad vil ikkje kommentera arbeidsgruppa sitt forslag om nedleggingar.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Følgande tenestestader i Sogn og Fjordane er føreslått nedlagt:

Selje, Bremanger, Jølster, Askvoll, Hyllestad, Gaular, Balestrand, Luster, Aurland, Gulen, Solund, og anten Årdal eller Lærdal.

Ni nedleggingar i Hordaland:

Austrheim, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Jondal, og anten Osterøy eller Vaksdal. I tillegg blir Bergen nord, Bergen vest og Bergen sør politistasjonar avvikla.

Arbeidsgruppa forklarar kuttforslaget slik: «Tjenestestedene vi foreslår avviklet, var for sårbare for de kravene som stilles til tjenestesteder i Nærpolitireformen (reformen). Ved å avvikle disse blir det enklere å koordinere ressursene, prioritere bedre og nå målene, intensjonen og kravene i reformen».

Les også: Humlegård lover bedre politi i bytte mot lokale lensmannskontor

politistasjoner

By mot land i arbeidsgruppa

I rapporten går det fram at ikkje alle medlemane i arbeidsgruppa er einige i forslaget:

«Det er ikke enighet om forslaget og arbeidsgruppen er delt på midten.»

«Medlemmene som arbeider i de urbane strøkene ønsker større enheter, sterkere og mer sentralisert styring (mens) medlemmene som arbeider i de rurale strøkene ikke ønsker å gå like langt i store enheter og sentralisert og styrket styring.»

Prosjektleiar Helge Stave leiar gjennomføringa av Nærpolitireformen i Vest politidistrikt, som saksbehandlar for politimeisteren. Nå har han fått arbeidsgruppa sitt forslag om 21 nedleggingar i Vest politidistrikt.

Stave vil ikkje kommentera saka før arbeidsgruppa skal presentera forslaget sitt på eit styringsmøte med kommunane på onsdag.

I følge arbeidsgruppa er nedleggingane «avhengig av at de 54 kommunenes medvirkning i prosessen får en ramme som aksepteres av kommunene, men som ikke hemmer framdriften i arbeidsgruppens forslag.»

Etter høyringsrunden vil politimeisteren innan 15. desember senda sitt endelege forslag til struktur på tenestestader og tenesteiningar til politidirektøren.

Les også: Fryktar politireform skal gi lengre responstid