Hopp til innhold

Slik blir politiet i Sogn og Fjordane

Ei arbeidsgruppe føreslår å kutte lensmannskontora i Askvoll, Jølster, Bremanger og Gaular.

Kaare Songstad

VIL KUTTE: Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt har lagt fram kva eit forslag om kva lensmannskontor som skal behaldast.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden

Det informerte politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt om då han møtte Sogn regionråd.

– I begge fylka er det kontor som ikkje er store nok i forhold til føringane vi har fått. Dei resursane prøver vi å gjere om til anna politiverksemd i dei same områda, seier Songstad.

Det har tidlegare vore klart kva kontor i Nordfjord og Sogn som er planlagt lagde ned. No er det også klart at det i Sunnfjord framleis vil vere lensmannskontor i Flora, Førde og Fjaler, samt i Høyanger og Gloppen som også høyrer inn under regionlensmannen i Sunnfjord.

Ein eller tre fylkeseiningar

Det var to ulike skisser for oppbygginga av det nye politidistriktet som i dag vart sendt ut. Talet på lensmannskontor er likt i begge skissene, men det er ikkje administrasjonen høgare oppe. Songstad fortel at dei vurderer to løysingar.

– Anten deler vi fylket inn i tre einingar, eller så har vi det berre som ei eining. Det handlar om korleis leiargruppa i politidistriktet skal sjå ut.

– Svært skuffa

I dei tidlege skissene er Aurland ei av dei kommunane som blir ståande utan lensmann. Det er ordførar Noralv Distad misnøgd med.

– Eg er svært skuffa. Det er dokumentert fleire gongar at Aurland har behov for politi. Vi har mange turistar og stor gjennomgangstrafikk. Dette er ei nærpolitireform, som skal gi eit betre politi der folk bur. Dessverre gjer ikkje desse forslaga det.

– Betre responstid

Arne Johannessen og Kåre Songstad

ALLEREIE VURDERT: Arne Johannessen har allereie lagt fram si vurdering av korleis politiet i Sogn bør organiserast. Her saman med Kaare Songstad.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I Aurland har dei tidlegare vore utan lensmannskontor, Distad meiner det var uheldig for kommunen. Han etterlyser og betre responstid.

– Politiet i Sogn har samla sett ikkje nok ressursar slik det er i dag. Responstida er ikkje god nok. Så vi må ikkje gløyme at det i vår region er behov for å styrke politikapasiteten slik at responstida blir betre.

Songstad meiner skilnadane i korleis politiet og brannvesenet jobbar, er grunnen til at politiet fleire gonger har vore på staden lenge etter brannvesenet. Han seier politireforma skal endre på dette.

– Det som er tanken bak politireforma er at vi skal få fleire patruljar ved å flytte ressursar frå kontor der lite skjer ut "på hjul".

Vil rekruttere folk heim

Ordførarane i indre og midtre Sogn uttrykte fredag også uro for at ei sentralisering av lensmannskontora vil føre til at politifolka flyttar inn til sentrum slik at utkantane blir tømt for politifolk på sikt.

– Den uroa er nok reel, vi har sett andre stader at det kan skje. Så eg forstår kvifor dei er uroa for det. Det som kan hindre at det skjer her er at vi har veldig god søknad frå politifolk som er frå desse distrikta. Dei må vi forsøke å rekruttere heim att, seier Songstad.