– Det er mange bøker som blir ståande i hylla i all den tid dei er her på biblioteket, seier Rita Mundal og Merete Byrøygard på Lom Folkebibliotek.
Dei vart kåra til Årets Bibliotek i 2012, nettopp fordi dei var dyktige til å formidle gode bøker til lesarane og drive utoverretta verksemd. No lyser dei ut ei ny, fast stilling som litteraturformidlar på det vesle folkebiblioteket sitt i Lom.
–Bestseljarane får så mykje blest, men det er så mykje god litteratur som aldri når fram til lesarane om vi ikkje får formidla det, seier Meret Byrøygard.
Vanleg på store bibliotek
Nasjonalbiblioteket har ikkje tal på kor mange som jobbar med litteraturformidling i norske bibliotek, men seier at det er stadig fleire som tilset folk som har som hovudoppgåve å drive formidling.
–Eg trur ikkje det er vanleg på små bibliotek, men formidlingsoppgåva til små bibliotek er vel så viktig som hjå dei store biblioteka, seier Svein Arne Tinnesand på Nasjonalbiblioteket.
Leiaren i Norsk Bibliotekforeining, Mariann Schjeide, kallar Lom folkebibliotek eit lysande fyrtårn når det gjeld formidling, og meiner at det er det viktigaste av alt biblioteka gjer.
–Vi har i mindre grad den bibliotekaren som sit og katalogiserer og held på med sitt.
Formidling er noko ingen bibliotekar kjem seg unna, og den utoverretta verksemda gjeld alle, og er den måten eit moderne bibliotek i Noreg i 2016 skal drivast på, seier Schjeide.
Auke i profesjonelle formidlarar
Talet på profesjonelle litteraturformidlarar har auka kraftig dei siste åra, fortel Ingvild Christine Herzog, leiar i Norsk Forfattersentrum. Dei formidlar forfattarar og forteljarar rundt om i heile landet, og ser ei kraftig auke i etterspørselen.
–I 2015 formidla vi 770 ulike formidlarar. Talet på formidlarar aukar, men det som aukar mest er talet på oppdrag, det aukar enormt kraftig, seier Herzog.
Frå 2014–2015 hadde norsk forfattarsentrum ei oppdragsauke på 12 prosent'
Meir fokus på formidling
Rita Mundal på Lom folkebibliotek er glad for at formidlinga har kome meir i fokus den siste tida, men meiner bibliotekmiljøa kunne vore enda flinkare.
–Mange små bibliotek har ikkje fast lesetid, og slit med å setja seg inn i ny litteratur.
Rita Mundal meiner biblioteka har eit særleg ansvar for bøkene dei får gjennom kulturfondordninga, og ho tykkjer det er krevjande å lesa seg opp på alle nye bøkene som kjem.
–Dei som er tilsett på Vinmonopolet driv med prøvesmaking, og det burde også vore innført i biblioteka, seier Mundal.