Styret i Helse Sør-Øst vedtok i dag at Elverum skal ha ei fødestove og ei barselavdeling – også etter at Mjøssjukehuset står ferdig. I utgangspunktet vart det foreslått eit barselhotell, men nå blir det altså ei barselavdeling inne på sjukehuset.
Det blir også ei avdeling for elektiv (planlagt) ortopedisk kirurgi og eit bevegelsessenter ved sjukehuset i Elverum.
Dette må Sjukehuset Innlandet ta med inn i planane for Mjøssjukehuset.
Styret gjorde det i dag også klart at Tynset sjukehus skal styrkast. I tida framover skal det mellom anna før til at sjukehusanlegget får nødvendig rehabilitering. Bygningane skal settast i stand, slik at det faktisk blir mogleg å vidareutvikle sjukehuset.
Styreleiar i Sjukehuset Innlandet er framleis svært bekymra over korleis økonomien i sjukehuset utviklar seg.
– Vi bruker pengar vi ikkje har, seier Eli Giske, til NRK. Målet er å få ein økonomi i balanse i løpet av året, men resultatet har heller forverra seg for kvar månad inn i 2024.
Etter tre månaders drift har føretaket eit negativt resultat på 28 millionar kroner, noko som er 36 millionar kroner etter budsjett.
Størst meirforbruk er det i dei to store somatiske divisjonane Hamar-Elverum og Gjøvik-Lillehammer.
Sjukehuset må få kontroll på økonomien dersom dei skal kunne gjere nye investeringar. For eksempel når det skal søkast om pengar til å bygge det nye Mjøssjukehuset.
Det gjeld også innkjøp av nytt utstyr og vedlikehald av eksisterande bygg.
Det er særleg utgiftene til bemanning som aukar. Årsaka er at det blir brukt mykje meir til overtid og innleige av arbeidskraft fordi det er vanskeleg å få fylt opp faste, ledige stillingar. Rekruttering av helsepersonell er også ei bekymring i Sjukehuset Innlandet.
T.d. i divisjon Hamar-Elverum er det 122 ledige årsverk. 30 av dei er legar, resten sjukepleiarar.
I møtet i dag bad styret om at administrasjonen intensiverer arbeidet med å få ned utgiftene med nye tiltak.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.