Hopp til innhold

Stor bekymring over økonomien i Sjukehuset Innlandet

Styreleiar i Sjukehuset Innlandet er framleis svært bekymra over korleis økonomien i sjukehuset utviklar seg.

– Vi bruker pengar vi ikkje har, seier Eli Giske, til NRK. Målet er å få ein økonomi i balanse i løpet av året, men resultatet har heller forverra seg for kvar månad inn i 2024.

Etter tre månaders drift har føretaket eit negativt resultat på 28 millionar kroner, noko som er 36 millionar kroner etter budsjett.

Størst meirforbruk er det i dei to store somatiske divisjonane Hamar-Elverum og Gjøvik-Lillehammer.

Sjukehuset må få kontroll på økonomien dersom dei skal kunne gjere nye investeringar. For eksempel når det skal søkast om pengar til å bygge det nye Mjøssjukehuset.

Det gjeld også innkjøp av nytt utstyr og vedlikehald av eksisterande bygg.

Det er særleg utgiftene til bemanning som aukar. Årsaka er at det blir brukt mykje meir til overtid og innleige av arbeidskraft fordi det er vanskeleg å få fylt opp faste, ledige stillingar. Rekruttering av helsepersonell er også ei bekymring i Sjukehuset Innlandet.
T.d. i divisjon Hamar-Elverum er det 122 ledige årsverk. 30 av dei er legar, resten sjukepleiarar.

I møtet i dag bad styret om at administrasjonen intensiverer arbeidet med å få ned utgiftene med nye tiltak.

Eli Giske
Foto: Inger Johanne Solli / NRK