Hopp til innhold

Tenk på fuglane – hald katten inne

Med våren kjem fleire titals millionar fuglar tilbake til Norge, og no står hekketida for tur. Det er eit tid som er full av farar frå to- og firbeinte.

Reir av tjeld

EGG I RISIKOSONE: Fuglar som hekker i sjøkanten, som tjeld, er spesielt utsett for menneske og dyr i hekketida. Turgåarar blir derfor oppmoda til å vise omsyn.

Foto: Knut-Sverre Horn

Ein tredjedel av dei 259 fugleartane som hekkar i Norge, er raudlista. Spesielt våtmarksfuglar og sjøfuglar er sårbare i den kommande tida. Norsk Ornitologisk foreining og Dyrevernalliansen oppmodar derfor folk til å vise omsyn til hekkande fuglar.

– Juni og juli er dei mest kritiske periodane. Det er mest fugleungar ute då, seier Martin Eggen, naturvernrådgivar i Norsk Ornitologisk Forening.

martin eggen

Martin Eggen, naturvernrådgivar i Norsk Ornitologisk Forening seier at vi alle har ansvar for å ta vare på fuglelivet og naturen rundt oss.

Foto: Norsk Ornitologisk Forening

Saman med Dyrevernalliansen ber Norsk Ornitologisk Forening spesielt hunde- og katteeigarar om å vere ekstra omsynsfulle i tida som kjem.

– Lause hundar, det at folk ikkje respekterer bandtvangen er eit problem. Og kattar, eigarlause eller kattar med ein heim, tar fleire millionar fuglar i året, seier Kaja Efskind, informasjonsrådgjevar i Dyrevernalliansen

Dyreeigarar blir derfor bedt om å halde katten inne i den mest kritiske tida, spesielt om natta, samt å sørge for at katten er sterilisert og ID-merka.

Men den største syndaren mot fuglane er oss menneske.

Hald auge og øyrer opne

Naturvernrådgivar Martin Eggen seier at den auka bruken av naturen frå menneske gjer hekketida ekstra utfordrande for fuglane.

– Folk er flinke til å komme seg ut på tur, men då er det viktig å vise omsyn. Spesielt kyststripa er utsett. Det er eit høgkonsentrert hekkeområde, samstundes som det er populært å gå tur langs sjøen, seier Eggen.

Kaja Ringnes Efskind

Kaja Efskind, informasjonsrådgjevar i Dyrevernalliansen, ber katte- og hundeeigarar vise omsyn for fuglane i hekketida.

Foto: Ihne Pedersen

Han ber folk vere merksame på signala frå fuglane sjølve. Om måken eller terne skrik eller stuper mot deg er det eit teikn på at du forstyrrar. Då er det best for fuglen om du trekk deg unna.

Kaja Efskind legg til at eit forstyrrande menneske gjer at egg og fugleungar blir meir utsette for rovdyr og kulde.

Hekketida kan innehalde mange farar for fuglar. Norsk Ornitologisk Forening og Dyrevernalliansen tek imot kvar sommar mange bekymringsmeldingar. Lause hundar, eigarlause kattar, nedspylingar av ternereir, punktering av måkeegg og avliving av ungfuglar er blant det som blir rapportert inn til organisasjonane.

Bygg ein fugleheim

Tettare hus gjer at fuglane har færre holrom å nytte til hus. Ein fuglekasse kan derfor vere til god hjelp for eit fuglepar på våren.

– Det som er viktig å tenke på er å ha riktig mål til ønska fugleart, og så må kassen henge om lag tre meter over bakken, samt ha ei metallplate ved inngangen for å verne mot hakkespett og ekorn, seier Kaja Efskind.

Inngangen må peike mot aust, for gode lysforhold.

I tillegg til å bygge nye hus til fuglane er det vel så viktig å ikkje fjerne dei som er. Efskind ber derfor folk om å la vere å felle tre i hekketida.

Fuglekasse

Ein fuglekasse kan vere til god hjelp for eit heimlaust fuglepar.

Foto: Anders Winlund/NRK