Hopp til innhold

Slik bør du setje opp fuglekassa

Våren er her og det er rette tida for å henge opp fuglekassene. Men det bør ein gjere på ein bestemt måte for at fuglane skal kome.

Alv Ottar Folkestad

FUGLEKASSE: Ornitologen Alv-Ottar Folkestad har fleire råd til korleis ein skal henge opp fuglekasser.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ornitolog Alf-Ottar Folkestad meiner at den beste plassen for ei fuglekasse er på eit tre to til fire meter over bakken.

– Den skal ikkje henge altfor høgt, men den bør henge slik at det er vanskeleg for kattar å kome til, seier fugleeksperten.

Eit anna tips for å hindre katten i å ta småfuglane er å kle kassa med grov hønsenetting. Fuglane vil då ikkje ha eit problem med å kome gjennom, men katten og større fuglar kjem ikkje til.

Storleiken på holet

Vil du ha fuglar som raudstjert i kassa bør ein lage eit stort hol. Medan kjøtmeisa treng litt mindre, og blåmeisa enda mindre.

Og fuglekassene er veldig viktige, meiner ornitologen. Kanskje enda viktigare no enn i gamle dagar.

– Sånn som det var for fleire titals år sidan då var der alltid ei sprekke i husa der fuglane kunne krype inn. Men i dag er husa så tette at ein nesten aldri finn fugl. Difor må ein henge opp fuglekasser viss ein vil ha dei der, seier han.

Har fleire titals kasser

Ornitologen trivst godt med å henge opp fuglekasser, og mange av dei han har sett opp har hengt i årevis.

– Eg har fleire titals fuglekasser hengande rundt omkring. Kanskje opp til 50.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL