Hopp til innhold

Kritisk til storstilt militærøving i nord

34 mil frå russargrensa skal norske, britiske og amerikanske soldatar ha historias største øving i Finnmark. SV meiner øvinga viser eit skifte i norsk utanrikspolitikk.

Joint Viking 2015

JOINT VIKING I FINNMARK: 8000 militære er involvert når marinen, hæren og luftforsvaret skal øve saman med amerikanske og britiske styrker i Finnmark. Her ser vi soldatar frå 2. bataljon, under øvinga Joint Viking 2015 i Finnmark.

Foto: Ole-Sverre Haugli/Hæren/Forsvarets mediesenter / NTB scanpix

– Eg meiner Norge no er i ferd med å miste balansepunktet mellom det å vere naboland til Russland, og å vere Nato-land.

Det seier stortingsrepresentant Kirsti Bergstø (SV), som kritiserer Joint Viking-øvinga.

Joint Viking er ein av forsvarets viktigaste årlege øving, der det blant anna blir trent på samarbeid med dei allierte styrkane.

Kirsti Bergstø

Stortingsrepresentant Kirsti Bergstø (SV).

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Ei slik øving i nabo-området til Russland er ein del av eit skifte i regjeringa sin forsvarspolitikk, meiner SV. Norge må ha sjølvpålagde restriksjonar når det kjem til kor langt nord ein skal ha øvingar, meiner Bergstø.

– Det er nettopp fordi det er i norsk interesse at vi har militær nærvær i nord, at vi må stå fram som ein stabil og føreseieleg nabo.

Har sendt nabovarsel

I dag møttest representantar frå norske og allierte styrker i Alta, for å planlegge øvinga Joint Viking. Blant dei, sjef for Operasjonsavdelinga ved Forsvarets operative hovudkvarter, kontreadmiral Nils-Andreas Stensønes, som seier at Russland er godt informert om øvinga.

– Vi har varsla våre naboar som vi alltid gjer. Dei veit kva vi trenar på og når vi trenar. Det er full openheit, nettopp for å redusere unødig spenning, seier Stensønes.

Nils-Andreas Stensønes

Sjef for Operasjonsavdelinga ved Forsvarets operative hovudkvarter, kontreadmiral Nils-Andreas Stensønes.

Foto: Kai Erik Bull / NRK

Til øvinga er det laga eit scenario der det er motstand både på sjøen, på lufta og i vatn. Motstandaren er generiske styrker, og kontreadmiralen vil ikkje kalle det ei Nato-øving.

– Dette er ein nasjonal øving der vi har invitert nokre nasjonar til å øve med oss. Dei amerikanske og britiske styrkane vil vere organisert i mindre forband som er integrert i dei norske styrkane, seier han.

– Øving heilt på sin plass

– Eg syns det er uproblematisk, seier Kåre Simensen (Ap) i Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, som meiner ei slik øving berre skulle mangle.

Øvinga skjer 34 mil frå russargrensa, og Simensen syns det er like naturleg for norske styrker å øve i nærleiken til Russland, som at Russland øver i område nært Norge.

– På same måte som at dei øver i våre nærområde, så er det viktig at vi øver på finnmarksjord, det å lære geografien og topografien der.

Kåre Simensen (Ap)

Kåre Simensen (Ap) i Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget

Foto: Finnmark fylkeskommune/Åserud

Øvinga vil involvere 8000 militære, der om lag 700 av dei er utanlandske. Storleiken på øvinga, som er større enn nokon gong i Finnmark, kan markere eit skilje for russarane, vedgår Simensen.

– Ja, det kan vere at Russland reagerer meir enn før, men så ligg det òg i korta at det er Russlands jobb å reagere når ein ser Nato-soldatar trene i nærleiken av eigen grense, seier han.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark