Hopp til innhold

Kritisk til Bellonas Goliat-liste

Miljøorganisasjonen Bellona presenterer i dag ei liste med 68 hendingar knytt til ENI Norges problem med Goliat-plattforma. – Ei usamanhengande samansausing, seier Norsk olje og gass om lista.

Goliat

PROBLEMPLATTFORMA: Miljøorganisasjonen Bellona har lista opp 68 hendingar knytt til ENI Norges problem med Goliat-plattforma.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Bellona sausar saman ein masse ting som ikkje heng saman i seg sjølv.

Geir Seljeseth

Geir Seljeseth, regionsjef i Norsk olje og gass, oljebransjens arbeidsgivarorganisasjon.

Foto: NRK

Det seier Geir Seljeseth, regionsjef i Norsk olje og gass, etter å ha sett lista frå Bellona .

Miljøorganisasjonen tar for seg uønskte hendingar knytt til Goliat-plattforma frå 2014 til i dag, og lista inneheld alt frå dødsfall under bygginga, til omgangssjuke om bord.

(Sjå den fullstendige lista nedst i saka)

– Det er altså ikkje sånn at det er noko spesifikt for Barentshavet å få magesjau om bord. Det skjer faktisk både på land og til havs både i nord og i sør, seier Seljeseth.

Han meiner lista er ei samanblanding av hendingar som ikkje har noko med oljeverksemd å gjere og alvorlege hendingar.

– Er ute av kontroll

Bellona på si side meiner den dokumenterer uforsvarleg aktivitet i havet utanfor Hammerfest.

Fredric Hauge

Leiar av miljøorganisasjonen Bellona, Frederic Hauge, meiner det er ein klar samanheng mellom miljø og sikkerheit på plattform.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Den fortel at denne plattforma framleis er ute av kontroll, at dei varsla som er komne frå arbeidarane ikkje er tatt alvorleg, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

– Det er i ferd med å utvikle seg ein ukultur som representerer ei fare for menneske og miljø. Og det trur eg vi alle – uavhengig av kva vi meiner om oljeboring i sårbare område, har ei felles interesse av å ta tak i, seier Hauge.

– Slett ikkje, svarer Seljeseth.

Han meiner lista er eit godt eksempel på korleis olje- og gassnæringa tar helse, miljø og tryggleik på alvor.

– Vi fører nitid kontroll med alle hendingar som kan føre til skader og ulukker. Og det gjer vi fordi det berre er sånn det kan bli betre, seier Seljeseth.

Erkjenner problema

Roy Erling Furre

HMS-ansvarleg i Safe, Roy Erling Furre.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

For arbeidstakarorganisasjonen SAFE er Bellonas liste høgst relevant. SAFE har ved fleire høve kritisert ENI, som driv Goliat-plattforma. Men utgangspunkta for SAFE og Bellona er svært ulike.

– Vi er jo sterke tilhengarar av aktivitet i Barentshavet og nye område. Det som er vårt fokusområde er å få på plass helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet som er på Goliat, seier HMS-ansvarleg i Safe, Roy Erling Furre.

Mange andre aktørar har hatt ulike problem, men ikkje så mykje på ein gang, på ein plass, seier Furre.

Andreas Wulff

Kommunikasjonsdirektør i oljeselskapet ENI, Andreas Wulff

Foto: ENI Norge

Operatørselskapet ENI erkjenner problema og kommunikasjonsdirektør Andreas Wulff seier dei har sett i gang eit forbetringsprosjekt.

– Hovudmålsetting i forbetringsprosjektet er å styrke sikkerheitskulturen i selskapet. Det blir no jobba med langsiktige og kortsiktige aktivitetar. Vi kjem til å bruke den tida som trengst for å nå måla våre, seier Wulff.