Hopp til innhold

Full forvirring om havvind ved Goliat-feltet

Selskapa som vil bygge fem havvindturbinar ved Goliat-feltet trudde dei hadde ein avtale med fiskeriinteressene. Organisasjonen Fiskebåt avviser dette.

Havvind

Det aktørane bak havvindprosjekta i Goliat-feltet trudde var god dialog, viste seg å ikkje vere som dei trudde. No har interesseorganisasjonen Fiskebåt sagt seg ueinige om utbyggingsplanane.

Grafikk: Odfjell Oceanwind

– Det kan jo ikkje vere overraskande at vi som organisasjon, og som skal vareta fiskeriinteressene, kan gi aksept for eit prosjekt som dette, seier avdelingsleiar i Fiskebåt, Espen Jacobsen.

– Spesielt ikkje når vi manglar kunnskapen som må til for å sjå at dette er forsvarleg i forhold til fiskeressursane i havet, påpeiker han.

Fiskebåt er ein interesse- og arbeidsgivarorganisasjon for den norske havgåande fiskeflåten.

Espen Jacobsen

Espen Jacobsen er avdelingsleiar i interesseorganisasjonen for den havgåande fiskeflåten, Fiskebåt.

Foto: Fiskebåt

I ei pressemelding uttrykker Fiskebåt bekymring fordi selskapa Source Galileo Noreg og Odfjell Oceanwind planlegg å bygge fem havvindturbinar ved Goliat-feltet.

Aktørane bak prosjektet har hatt møte med fleire fiskeriorganisasjonar og hevdar overfor NRK at dei har hatt ein konstruktiv dialog undervegs.

Skuffa

Gunnar Birkeland er administrerande direktør i Source Galileo Noreg. Han er skuffa over utspela frå Fiskebåt.

Vi har fått tilbakemeldingar på at vi ikkje er i konflikt med fiskeriinteressene i området, skriv han i ein e-post til NRK.

Han seier dei har gjort konkrete endringar i plasseringa av havvindparken, etter innspel frå fiskerinæringa.

Eg synest det er uheldig at når vi går i tidleg dialog og tilpassar oss alle innspel, at Fiskebåt vel å køyre ein annan prosess i media, understrekar Birkeland.

Gunnar Birkeland, Source Galileo Norge

Source Galileo Noreg seier dei har gjort endringar basert på tilbakemeldingane dei har fått frå interesseorganisasjonane. Derfor er administrerande direktør Gunnar Birkeland skuffa over at Fiskebåt vel å gå ut i media på denne måten.

Foto: Thomas Mortveit

Kan påverke loddeinnsig

Espen Jacobsen meiner havvindprosjektet ved Goliat-feltet kan påverke loddeinnsiget i området.

– Det er ein kjent sak at torsk og andre arter følgjer loddeinnsiget. I så måte vil eventuelle negative påverknad på loddeinnsiget også få konsekvensar for innsiget og fiske etter andre arter, både i det aktuelle området og for det meir kystnære fisket, seier han.

– Gav du uttrykk for dette då dei var i møte med Source Galileo Noreg?

– Det veit eg ikkje, fordi det var ikkje eg som representerte Fiskebåt, seier han.

– Forstår du då at dei reagerer?

– Det verkar spesielt at utbyggjar i denne saka er overraska over at vi varetar norske fiskarar sine interesser. Når det gjeld utbygging av havvind i norske område, er den fysiske fiskeriaktiviteten ein liten del av det store bildet, seier Jacobsen.

Les også Ønsker havvind ved Goliat – Fiskarlaget vil avvente

GOLIATVind

Han meiner at verken vindkraftaktørar eller fiskeriorganisasjonane har tilstrekkeleg kunnskap til å vurdere forsvarleg tryggleik av havvind.

– Dette er kommunisert både til utbyggar direkte, i høyringar og i media. Vi har hele tida vore tydeleg på at meir kunnskap må på plass før vi aksepterer eventuelle utbyggingar av vindkraft, understrekar Jacobsen.

Havvind

Det er fem turbinar av denne typen som er planlagt plassert nordvest for Goliat-feltet.

Grafikk: Odfjell Oceanwind

Hos Source Galileo Noreg påpeiker Gunnar Birkeland at dei og partnarane i havvindprosjektet i løpet av kort tid sender konsekvensutredningsprogrammet til Olje- og energidepartementet.

– Fiskebåt peikar jo på kunnskapshol rundt det marine livet. Her er vi samde om at det er ein del å ta tak i og finne ut av før vi kan bygge. Når det er konfliktar, er det jo fint å få det opp på eit tidleg stadium slik at vi kan løyse konfliktane før vi går inn i dei meir formelle prosessane.

Testprosjekt

Både Source Galileo Noreg og Odfjell Oceanwind understrekar at havvindprosjektet er ein test som kan gi svar på om denne typen kraftproduksjon har ein framtid på norsk sokkel.

– Samstundes kjenner vi eit ansvar for å få på plass ny energi. Hammerfest-regionen og andre regionar i Noreg vil i årene som kjem mangle mykje energi, seier Birkeland og fortset:

– Havvind ved Goliat er eit beskjedent demonstrasjonsprosjekt som eg trur vi kan finne løysingar på, utan at det rammer verken miljøet eller fiskeriinteressene