Hopp til innhold

Grått i dag - i morgon kjem sola

Denne veka avsluttar med gråvêr, men neste veke startar betydeleg betre, lovar meteorologen.

Nordkapp i kveldssol

Nordkapp-platået i kveldsol i april.

Foto: Harald Mikal Halvorsen

Den siste dagen denne veka har vore prega av overskya vêr i stort sett heile fylket, med nedbør i aust. Vest-Finnmark har vore vêrvinnaren, med 14,8 grader som høgaste temperatur. Det blei målt på flyplassen i Hasvik.

Neste veke startar betre, fortel vakthavande statsmeteorolog på Vêrvarslinga for Nord-Norge, Sjur Wergeland.

– I morgon går temperaturane opp, det blir færre skyar, mindre nedbør og meir sol. Det vil nok bli over 15 grader fleire stader, seier Wergeland.

Det spørst om ein må utnytte det gode vêret dei timane det varar – for utpå kvelden i morgon vil det endre seg igjen.

– På kvelden i morgon og natt til tysdag vil det bli meir nedbør og låge temperaturar, og det blir verre, seier meteorologen og understrekar:

– Måndag blir brukbar, tysdag blir ikkje det.

Resten av veka vil det halde fram med kaldt vêr, men mot neste helg vil det dukke opp eit høgtrykk som skal gje betre vêr, spesielt i indre strøk av Finnmark, avsluttar Wergeland.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark