Hopp til innhold

Flykta frå krig i Ukraina – vert kasta på gata i Russland

Dei rømde frå krigshandlingane i Ukraina i 2014 for å få eit betre liv i Russland. Men no vert dei siste flyktningleirane stengde. Familiane som framleis bur her, vert kasta på gata.

Dei rømde frå krigshandlingane aust i Ukraina sommaren 2014. I Russland håpa dei på eit nytt og betre liv.
Men snart to år etter bur flyktningane i Murmansk framleis under elendige forhold, i gymsalar og klasserom på ein falleferdig skule i byens utkant.

Olga Pavlova og hennar to born Sofija og Jurij har hatt heimen sin i denne gymsalen i ein nedlagt skule i Murmansk. Russiske styresmakter har bestemt at slike leirar no skal stengast. Dei som bur her har ingen stad å reise.

– Kva vi skal gjere vidare no? Eg veit ikkje. Eg anar ikkje. For første gong i livet mitt, eg er 48 år gamal, så anar eg ikkje kva eg skal gjere, seier Larisa Parasitsj medan ho viser oss rundt i det som har vore heimen hennar i snart to år:

Ein nedlagt falleferdig skule i utkanten av Murmansk.

5.500 kom til Murmansk

Saman med rundt 5.500 andre ukrainske flyktningar kom Larisa Parasitsj og familien hit til Murmansk for snart to år sidan.

Dei rømde frå krigen i Aust-Ukraina – ein krig som har ført millionar av menneske på flukt.

Russland har totalt teke imot 1,2 millionar ukrainske flyktningar, opplyser russisk UD.

Men den russiske regjeringa har vedtatt at alle ukrainske flyktningleirane skal stengast.

Ukrainske flyktningar i Murmansk

Larisa Parasitsj, Olga Pavlova og Sofija vert no kasta på gata etter at lokale styresmakter har gått rettens veg for å få tømt det som har vore heimen for ukrainske flyktningar frå Ukraina i to år.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Dei som er igjen, vert kasta ut

I Murmansk har lokale styresmakter gått rettens veg for å få tømd den gamle skulen.

Dei siste gjenverande familiane har ingenting å reise til og vert kasta på gata.

– Eg klarar ikkje meir, eg vil heim. Dei døyr der, men det er betre å døy heime. Eg har ikkje krefter igjen, eg gret kvar dag. Barna mine forsøkjer å trøyste meg. Dei spør: Mamma, kva gjer du? Men eg har ikkje krefter igjen, seier Larisa Parasitsj.

På det meste budde det nesten 90 personar i skulebygget. Her er verken varmt vatn eller oppvarming.

Vindauga er knuste, og bygningen er også delvis brannskada.

Ukrainske flyktningar i Murmansk

Denne skulen har vore heim for flyktningar frå Ukraina i to år.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Kan ikkje reise heim enno

Saman med sine tre born bur Olga Pavlova i det som ein gong har vore skulens gymsal.

I Aust-Ukraina er situasjonen mellom prorussiske opprørarar og ukrainske regjeringsstyrker spent.

Våpenkvila mellom partane vert stadig broten, og det er langt fram til ei politisk løysing på konflikten som har splitta Ukraina og gjort tilhøvet mellom Russland og vesten svært vanskeleg.

Olga Pavlova ser ingen sjansar til å reise heim i overskodeleg framtid.

– Vi saknar heimen vår, klart vi gjer det, hagen vår med tomatar og jordbær. Dotter mi hugsar framleis at ho sette jordbær sommaren 2014. Vi saknar heimen vår, men kva skulle vi har gjort?

NRK har fleire gonger dei siste vekene vore i kontakt med byadministrasjonen sitt kontor og bede om intervju, men ingen der ønskjer kommentere denne saka.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark