Vill fjellrev frå Finnmark, Saltfjellet, Børgefjell og Hardangervidda har blitt fanga inn til eit forskingsprosjekt hos Norsk Institutt for Naturforsking, NINA. No hevdar Dyrevernalliansen at denne verksemda er ulovleg, og dei vurderer å melde NINA til politiet.
- Svært alvorleg
- Opplysingar frå forskarane sjølve tyder på at dei har fanga inn fjellrev utan løyve, noko som er svært alvorleg, seier Live Kleveland Karlsrud i Dyrevernalliansen.
Karlsrud meiner dette er eit etisk kritikkverdig forskingsprosjekt.
- Det ei stor belasting for slike dyr å bli fanga av menneske, seier ho.
- Til det beste for dyra
Forskingssjef ved NINA, Inga E. Bruteig (Foto: NRK)
- Det arbeidet vi gjer er til det beste for fjellreven, seier forskingssjef i NINA, Inga E. Bruteig. Ho meiner skuldingane frå Dyrevernalliansen er grunnlause.
- Vi har løyve til å fange inn fjellrev, både for 2004 og 2005, i høve til forskriftene for fangst av villdyr, seier Bruteig.