NRK Meny
Normal

– Det kan vere me ikkje har vore klar nok om fiskeri

Ingalill Olsen meiner Arbeidarpartiet har «vore frampå» i fiskeripolitikken, men innrømmer at partiet kanskje ikkje har vore tydeleg nok.

Ingalill Olsen

Ingalill Olsen vil ikkje gå med på at Arbeidarpartiet undervurderte det folkelege engasjementet i Alta.

Foto: Anniken Pedersen / NRK

Arbeidarpartiet blør i Finnmark, men klarte å halde på sine to mandat sjølv om valresultatet på 32 prosent er ned 7,8 prosentpoeng sidan 2013.

Leiar i Finnmark Arbeidarparti og attvald stortingsrepresentant Ingalill Olsen svarer slik på spørsmål om partiet har vore tydeleg nok i fiskeripolitikken, ei sak som har prega ordskiftet i Nord-Noreg den siste tida.

– Me har vore frampå i fiskeripolitikken. Eg har jobba mykje med det i valkampen. Men no skal me evaluere og det kan godt vere at me ikkje har vore klar nok eller jobba nok med dette. Det får me vurdere når me set oss ned og evaluerer, seier Olsen.

– Blir det eit oppgjer internt i Finnmark Arbeidarparti no?

– Me kallar det evaluering. Det gjer me både når me vinn val og kanskje i endå større grad når me taper val, seier Olsen.

Logoen til Kystopprøret

Kampen om fiskeressursane har vore viktig for mange samfunn langs kysten av Finnmark i valkampen. Her frå Vardø.

Foto: Dan Tore Jørgensen

Uro lengst nordaust

I kystopprørets «hovudstad» Vardø er Arbeidarpartiet framleis største parti med 37,1 prosent av stemmene. Dette er like fullt ein tilbakegang på 8,3 prosentpoeng samanlikna med 2013.

Vardø Arbeidarparti starta like godt valkampen i år med å gjere eit styrevedtak på at dei ikkje ville drive valkamp for Finnmark Arbeidarparti etter at fylkestinget hadde vedteke å leggje ned ei linje ved den vidaregåande skulen i byen.

Dette vedtaket vart seinare oppheva.

Frp størst i Alta

I Alta vart Framstegspartiet valets store vinnar med 32,7 prosent av stemmene.

At nesten kvar tredje veljar i Finnmarks største by gjekk til Frp, medan Ap fekk låge 16,1 prosent, kan skrivast til sjukehusdebatten som har rast i Vest-Finnmark dei siste åra.

I valkampen gjekk også Arbeidarpartiets kommunestyregruppe i Alta ut mot eige fylkeslag, og understreka at dei ville ha spørsmålet sjukehus i Alta opp på bordet.

Ingalill Olsen vil ikkje gå med på at Arbeidarpartiet undervurderte det folkelege engasjementet i Alta.

– Nei, det vil eg ikkje seie. Det er umogleg å bu i Finnmark og ikkje få eit slikt engasjement med seg. Men Finnmark Arbeidarparti har hatt ei samrøystes årsmøtevedtak på sjukehusstrukturen. Me har heile vegen fronta vårt syn i saka og me veit at folk i Alta er ueinige i det, seier Olsen.