Morgenandakten onsdag 19.desember
Kor kjem livstørsten frå? Kva er kjelda for denne menneskelege lengten som bryt seg veg gjennom alle indre og ytre stengsler, på alle livsområde, i kunst og kultur, i politikk og vitskap, i det høge og i det låge, i det heilt personlege og i det heilt offentlege, lengten etter noko meir, noko betre, noko som engasjerar djupare, noko sannare? Kva er det som får kvar einaste ein av oss, truande og ikkje truande, til å stanse opp ein gong imellom eller rett som det er og kjenne uroa i sjela: er det ikkje noko meir enn dette? Kva er denne tørsten etter liv og kor kjem den frå?