”Og der skal vera ein veg, Den heilage vegen skal han kallast…Ingen som går på vegen, sjølv ikkje dårar, skal gå seg vill….dei som er løyste ut, skal gå der, dei som Herren har fria ut. Fryd og glede grip dei, sorg og sukk må flykta”.
Der skal vera ein veg. Den heilage vegen skal han kallast. Jesajas ord var ein lovnad. Om noko som skulle koma. Mi oppgåve og mitt privilegium denne desembermorgonen er å seie: Vegen er her. Den heilage vegen er her. Slik du er og slik livet ditt er: trø inn på Den heilage vegen.
Frå tid til annan blir eg invitert til konferansar med overskrifta: Ein annan røyndom er mogleg. Bak står menneske som insisterer på at det er mogleg å forandre verda, at den politiske status quo ikkje er ein naturtilstand vi berre må akseptere. Eg har meir enn sympati for dette synet, eg deler det. Min min bodskap denne morgonen går djupare, den handlar om noko som er der før våre moralske og politiske valg. Høyr: Den Heilage Vegen er her. Den nye røyndomen er her. Du treng ikkje frelse verda, den er frelst. Du treng ikkje frelse deg sjølv, du er frelst. Den heilage vegen er Guds eigen veg til deg. Gå på den. No.
Eg er eit mennske som deg. Eg lever mitt liv på jorda under same grunnleggande vilkår som mine medmenneske kloden over. Naken kom eg til verda og naken skal eg ut av den. Eg er på mi reise mellom desse ytterpunkta, du er på di. Eg får mi særeigne blanding av glede og sorg, av helse og sjukdom, du får di. Men eg har bestemt meg for å satse heile min vesle, store eksistens på kjerna i adventsfeiringa. Frelsaren er fødd. Eg er omfamna av Guds kjærleik i livet mitt slik det faktisk er. Den heilage vegen er her. Sjølv ikkje dårar skal gå seg vill, seier Jesaja. Eg er klar for neste steg.
Geir Gundersen
Musikk Nu vandrer fra hver en verdens krok Herborg Kråkevik