Eg kan ikkje tenke meg noka betre adventsfeiring enn å stille dette spørsmålet, stille det om og om igjen til det flyttar seg frå hovud til hjarte og blir mitt eige personlege spørsmål: Kva er det eg lengtar etter, kva er det eg eigentleg lengtar etter i alt eg lengtar etter?
I det eg stiller dette spørsmålet melder eit minne seg. Eg sit på Oslotrikken, det er mange år sidan, inn kjem ein mann av det slaget vi ikkje ser så ofte i gatene lenger, den eldre alkoholikaren, han svaiar seg ned på eit sete. Så kjem det. Høgt og tydeleg - og muntert: ”Det jeg trenger nå – er en øl på kort sikt og kjærlighet på lang sikt!”
Å ja, lengten etter kjærleik, på kort og lang sikt og i alle slags former, er ikkje det den lengten som bind oss menneske saman til ein, stor flokk – og som samstundes er den spesielle raude tråden i kvart einaste menneskeliv, same korleis det blir levd.
Kva ventar vi eigentleg på, spør karmelittmunken Wilfrid Stinissen i ei adventspreike. Det vesentlege har allereie skjedd! Kvifor alle våre engstelege spørsmål om framtida når det er mogleg å trø inn i ei glede som er her? Så siterer Stinissen profeten Sefanja og vi høyrer Guds røyst gjennom alle tider og på tvers av alle kulturar: ”Herren din Gud er hos deg, ein helt som frelsar. Han gleder seg og frydar seg over deg, viser deg atter sin kjærleik. Han jublar over deg med fryd”.
Kor kjem den frå livstørsten vår? Slik har eg lært å tenkje, gode tilhøyrar – den kjem frå Han som har skapt oss i kjærleik, som let oss bli til på den måten alle menneske blir til på, som sende oss ut på livsreisa vår mellom vogge og grav. Vår livstørst er hans boblande fryd over oss og i oss, han som lever i vårt inste og kallar på oss derifrå. Vår livstørst er hans tørst i oss etter eit svar, etter eit hjarteleg, menneskeleg ja.
Kvifor nøye seg med lite når det er mogleg å få alt? Barnet vi ventar på, ventar på deg i ditt hjarte. ”Må Gud, som gjev von”, ber Paulus i dagens adventsord frå Romarbrevet 15,”fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vere rike på von ved Den heilage andens kraft”.
Geir Gundersen
Musikk O du herlege Anne Karin Kaasa