”Då Elisabeth høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande og ropa høgt: ”Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast”.
Det er noko som lyfter seg i mitt mannehjarte og. Eg er far og bestefar. Eg har endåtil opplevd den gåva å få ta imot to nye barnebarn den siste månaden. Eg kjenner den bultande rørsla til eit foster i mors mage. Elisabeths ekstatiske ord kling i øyret. Eg øver meg på å svare i tru. Kvar gong eit foster sparkar mot veggen i morslivet, utvidar Universet seg. Foster helsar foster. Kvar einaste fosterrørsle er ein lovsong til fosteret i Marias mage: Ver helsa du veslebror, du medmenneske, som skal bli til frelse for alt levande, ja for heile skapningen!
Det sprenger på herlegaste vis alle grenser for vår forståing og endå blir vi inviterte til å synge med i fostersongen, fosterfryden. Kjære lyttar, du som vart til på same måten, du som er i nær slekt med dei to små liva i Maria og Elisabeth sin mage, eg og inviterer deg denne adventsmorgonen: syng med! Samle dei små og store rørslene i ditt eige mennskehjartet og rett dei mot Barnet som er på veg. Det er tid for det no. Advent på alvor. Ver modig og lat dine djupaste lengsler leie deg.
Slik vil eg sjølv be: Herre, rør ved meg slik du rørte ved Maria og Elisabeth. Opne mitt hjarte slik du opna deira hjarte. Gi meg å fornemme korleis du rører deg i meg så eg kan ta imot Barnet og late din røyndom vekse i meg. Herre, eg er ein vaksen mann nå. Lat det skje, lat det skje, lat din vilje skje med meg. Amen
Geir Gundersen
Musikk Vi synger med Maria Anne Vada