Høyr her, seier Johannes i sitt første brev kap.2, det er ikkje noko nytt bod eg kjem med. Eg minner dykk berre om noko ”de har hatt frå første stund”.
”For mørkret vik bort, og det sanne lyset skin alt no. Den som seier at han er i lyset, men hatar bror sin, er enno i mørkret. Den som elskar bror sin, blir verande i lyset og fører ingen til fall. Men den som hatar bror sin, er i mørkret og vandrar i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda auga hans”.
Fiolett er adventstida sin farge. Den same som i fastetida, det er bota sin farge. Det går i fiolett no, mine vener, desse dagane før jul, det er ryddetid. Det er tid for å sjå alvorleg, oppriktig og ømt på eige liv, det er tid for å rydde veg for Herren og rydde opp i livet – i ei og same rørsle.
Vi gjer det ikkje med dommen hengande over oss. Vi gjer det – om det går an å seie det slik – med festen hengande over oss. Vi følgjer lyset frå Betlehemsstjerna, vi er på veg mot Barnet og mot oss sjølve i ei og same reise, vi tek eit steg fram og utset oss for varmen og kjærleiken i Guds lys – slik og berre slik vågar vi å sjå nøye på oss sjølve og sanninga om livet vårt.
Abba Far, må ditt lys denne adventsmorgonen nå inn til dei mørke og avstengde krokane i hjartet mitt. Unn meg å kjenne og erkjenne mørkret i hatet også når det er kledd i fromheit og sjølrettferd. Lær meg å elske dei du elskar slik du elskar, mine søsken, kjende og ukjende, nær ved og langt borte. Ja, Far – eg lengar etter å bli det du skapte meg til, eit elskande menneske som ikkje fører nokon til fall. Amen
Geir Gundersen
Musikk Lys i nattsvart jord Helene Bøksle