Bydelsutvalgsmøte i Alna
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Look to Oslo

OSLO (NRK): Eitt fylke. Ein kommune. Eitt rike. Kan Oslo-modellen vere redninga for Sogn og Fjordane?

– Velkommen til møte i bydelsutvalet!

Leiar Knut Røli (Ap) kakkar lett med klubba i bordet. Lauspraten blant dei 15 folkevalde i Alna bydelsutval stilnar.

I møterommet i andre etasje på Furuset senter har dei samla seg denne kvelden. Rett utanfor ligg den største moskeen i Norden, Bait-ul-Nasr. Bydelen har nesten 50.000 innbyggjarar. Er det her vi skal finne inspirasjon til framtidas Sogn og Fjordane?

Møtet opnar med ei kort orientering frå bydelen sin «rådmann», bydelsdirektør Tore Olsen Pran. Han har hatt jobben i tre år, og kjem opphavleg frå Nordfjordeid.

Det er ein kjempespennande jobb. For her møter vi mange av dei viktigaste utfordringane vi står framfor i vårt samfunn. Det er mange nasjonalitetar som bur her, og levekårsutfordringar. Det er artig å sjå at i all hovudsak fungerer det veldig godt.

Tore Olsen Pran

KJEMPESPENNANDE: Bydelsdirektør Tore Olsen Pran kjem opphavleg frå Nordfjordeid. I tre år har han hatt jobben som øvste administrative leiar i bydel Alna.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sjå til Oslo

Før jul føreslo fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane å greie ut ein ny modell å styre fylket på. Nemleg å samle alle dei 26 kommunane og fylkeskommunen til ein kommune, etter modell frå hovudstaden.

For Oslo er både fylke og kommune. Kommunen har ansvar for overordna oppgåver som skule og arealplanlegging. 15 underordna bydelar styrer mellom anna barnehagar og eldreomsorg. Om Sogn og Fjordane blir storkommune, kan dagens kommunar bli som bydelar.

Knut Røli (Ap) er Alna sin «ordførar», og synest styresystemet fungerer godt.

– Ja, eg synest det. For i riktig gamle dagar hadde vi berre eitt trygdekontor, sentralt i Oslo. Og berre eitt kontor for eldreomsorg. No har ein delt dette opp i 15 bydelar, for det vart for stort. Og når ein ser på bydelane som har 40.000 til 50.000 innbyggjarar, er det behov for ein desentralisert styringsmodell.

– Spenningspunktet er kor mange oppgåver skal liggje i kvar bydel, og kor mykje makt og mynde skal dei ha. Der er det litt usemje mellom borgarleg og sosialistisk side.

Ein annan skilnad mellom Oslo, og dei fleste andre kommunar, er parlamentarismen. På Stortinget sikrar fleirtalet kven som sit i regjeringa. I Oslo sikrar fleirtalet i bystyret kven som sit i byrådet. Det betyr hardare debattar, og meir tydelege skiljelinjer mellom dei styrande og mindretalet i opposisjon i bystyret. Ute i bydelane liknar det meir på samarbeidstonen i resten av Kommune-Norge.

Knut Røli

LEIAR: Knut Røli (Ap) har sete bydelsutvalet i Alna i ei årrekkje. Han er ein av dei få i utvalet som faktisk er fødd og oppvaksen i Grorud. Bydelen har hatt ein kolossal vekst dei siste åra.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det verkar som det er ein temmeleg gemyttleg og jovial tone her i bydelsutvalet?

– Ja, og i dei fleste saker i bydelen er vi nok samrøysta. Av og til spissar det seg til i småsaker. Vi er kanskje mindre partitru ute i bydelane, enn dei er inne i bystyret. Det er nok også fordi vi er tettare på det som skjer, og finn løysingar saman.

Men bydelen er underlagt bystyret. Og dei kan ha ulike fleirtal. Dei borgarlege styrer kommune. Men Alna er styrt av Arbeidarpartiet. Det kan skape problem.

– Vi hadde ei sak i fjor, der bystyrefleirtalet valde å konkurranseutsette og selje kommunale barnehagar. Det kunne ikkje vi setje oss i mot. Det måtte gjennomførast.

Korleis var det for deg som Ap-representant å møte dine veljarar med at du konkurranseutsette barnehagar?

– Det var ikkje populært. Eg fekk eit forklaringsproblem for veljarane. Eg vart skulda for å ha konkurranseutsett barnehagar.

Kva svarar du då?

– Nei, eg svarar så godt eg kan. Men det er ei utfordring å svare rett på det.

Du styrer ein bydel med 50.000 innbyggjarar. I kva grad kan veljarane møte deg? Blir du kjent att på gata? Blir du stoppa og konfrontert med politiske vedtak?

– Jada. Om eg skal gå ein handletur på eitt av kjøpesentera i min bydel, må eg rekne tre kvarter ekstra for å snakke med og svare veljarar. Eg blir også ringt opp og får mange epostar. Men i møte med veljarane er det ei stor utfordring å forklare dei tre nivåskilnadane. Altså bydel, bystyre og til dels Stortinget.

Nabokrangel både her og der

Slik blir altså Oslo styrt. Men kan dette vere noko for Sogn og Fjordane? Kan 26 kommunar og ein fylkeskommune saman bli ein storkommune, med sine underkommunar eller kommundelsutval?

– Det er ein spennande tanke. Men det blir ein diskusjon om kvar makt og mynde skal liggje. Særskild lokaliseringsdebattar er interessante. Anten ein er i Oslo eller i Sogn og Fjordane er lokalisering eit heitt tema. Vi har hatt det her i vår bydel også, då vi skulle byggje ein stor idrettshall. Då var det stor diskusjon om kvar den skulle ligge, seier Knut Røli.

Bydelsdirektør Tore Olsen Pran frå Nordfjordeid meiner heimfylket bør få større kommunar.

– Eg trur det kan vere ein god ide å sjå på ein storkommune når det gjeld helse- og sosialsektoren. Dei mjuke tenestene som er lovpålagde kan ein gjerne organisere på tvers av andre sektorar.

– Men eg trur ein skal vere veldig forsiktig med å ta vekk det lokale engasjementet for nærmiljø og arealpolitikk. Då vil ein felleskommune i Nordfjord vere betre. Sjukeheim og fleire av dei sosiale tenestene kan heller ligge hjå fylkeskommunen, seier Olsen Pran.

Hilde Barstad

TILFLYTTAR: Hilde Barstad har både vore byråd i Oslo, og sete i kommunestyret i Førde. Ho har tidlegare vore leiar i Oslo Høgre, og leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre. No er ho kulturdirektør i Oslo kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Frå bygd til by

Hilde Barstad har vore i sentrum av oslopolitikken i ei årrekkje. Vi møter ho ved byens nervesentrum, Oslo S.

Høgrepolitikaren kjem opphavleg frå Førde og sat ein gong i kommunestyret der. I nyare tid har ho sete som byråd i Oslo. No er ho kulturdirektør i kommunen. Ho har dermed eit grunnlag for å samanlikne by og land.

– I Oslo fungerer dette veldig bra. Det er jo ein stor kommune.

– No er det veldig lenge sidan eg sat i kommunestyret i Førde. Og det er ei lita stund sidan eg sat som byråd. Det er veldig spennande å vere politikar når ein får reine politiske diskusjonar, med klåre fleirtal og mindretal, slik som i Oslo bystyre. Det ser ikkje du i same grad i eit kommunestyre, der det er meir konsensusorientert.

Ideen om å samle Sogn og Fjordane til ein storkommune meiner ho både har fordelar og ulemper.

– Eg tenkjer at det kan bli litt meir interessante diskusjonar på fylkesnivå. Få skjerpa den politiske diskusjonen der. Og det vil vere bra.

– Men eg trur det kan vere demokratisk utfordrande viss kommunane skal vere som bydelsutvala i Oslo. For då vil valresultata på fylkesnivå i stor grad avgjere korleis politiske vedtak blir i den einskilde kommunen. Det meiner eg bør diskuterast veldig grundig, seier Hilde Barstad.

Studentar ved Eilert Sundts hus

STATSVITSKAP: I Eilert Sundts hus er samfunnsvitskapleg fakultet ved Universitetet i Oslo samla under eitt tak.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ei reform i skårfeste

På Blindern strøymer unge studentar rundt i vinterkulda. Mange av dei er truleg lysande hovud som har hjerneflykta frå nettopp Sogn og Fjordane til hovudstaden for utdanning og urbanitet.

I niande etasje på Eilert Sundts hus sit professor emeritus Harald Baldersheim på kontoret, omringa av bøker på alle kantar. Storkommunen Sogn og Fjordane er ny for han. Men han helsar nytenking velkommen.

– Eg synest det er fint med kreative forslag. For det er ikkje tvil om at ein no står framfor ei reform i skårfeste.

Han meiner den store kommunereforma har køyrt seg fast. Årsaka er at regjeringa fyrst ville gje kommunane oppgåver frå fylkeskommunen. Men så freda Stortinget den. Dermed er det lite oppgåver å hente derifrå. Samtidig er det slått fast at mange av dei statlege oppgåvene som eventuelt kunne gått til kommunane krev ein storleik som langt overgår alle tenkjelege alternativ.

– Det er altså ei reform i skårfeste. Og eg ser berre ein meiningsfull veg ut. Og det er at ein tilfører fylkeskommunen ein del oppgåver. Det vil vere ein mykje enklare reformveg å gå, enn den som ein strevar og har køyrt seg fast med no.

Kan slik sett ein storkommune i Sogn og Fjordane vere eit svar på den utfordringa?

– Ja, det kan det vere.

Harald Baldersheim

KOMMUNEKJENNAREN: Professor emeritus Harald Baldersheim ved samfunnsvitskapleg fakultet i Oslo er ein av dei fremste ekspertane på norske kommunar og politikken som styrer dei.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Tilbake på Furuset senter i bydel Alna går bydelsutvalsmøtet mot slutten. Dei har vore gjennom årsrapportar og utsegner. Utanfor har mørket senka seg.

Dei 15 folkevalde pakkar sekkane og veskene sine. Den einslege journalisten frå Akers Avis Groruddalen har vore einaste tilhøyrar. Han legg vekk datamaskina og fotokameraet sitt.

Sjølv om både makt og mynde er avgrensa, må ein som bydelspolitikar vere budd på slike seige møtekveldar. Men Knut Røli står fast på at det er eit meiningsfullt arbeid.

– Det er jo så interessant at eg har sagt «ja, takk» til å stå øvst på Arbeidarpartiet si liste i år også. Og eg hadde ikkje sagt ja, viss eg ikkje synest det var interessant.

Bydelsutvalsmøte i Alna

GRASROTA I GRORUDDALEN: Dei 15 folkevalde i Alna bydelsutval samlar seg til diskusjon og samarbeid om kvardagen for 50.000 innbyggjarar i Alna i Groruddalen. Dei færraste får med seg møta på Furuset senter. Denne kvelden var det ein einsleg journalist frå Akers Avis Groruddalen på tilhøyrarbenken.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK