Ellen Hestvik - ny versjon

MISTA MYKJE: I tillegg til at huset vart totalskadd i brann mista Ellen Hestvik seks firbeinte familiemedlemmer. No har ho fått fire nye, som har hjelpt ho med å leve vidare.

Foto: MARIE STAFSNES OSLAND / NRK

Kjenner framleis på sorga

Ein må få lov til å sørge over dyra sine. Det meiner Ellen Hestvik, som for to år sidan mista katten og fem hundar i husbrann.

– Om du ikkje blir lei deg når du misser eit kjæledyr, så har du kjæledyr på feil premissar, seier Ellen Hestvik frå Hestvika i Askvoll kommune.

I oktober i 2012 tok oppvaskmaskina fyr, og røykla heile huset hennar. Fem hundar og ein katt var åleine i heimen, og dei hadde ikkje sjanse til å sleppe unna den giftige gassen som spreidde seg.

Ellen Hestvik

HAKK I HEL: Dyra, og spesielt hundane, følgjer alltid etter Ellen. Etter brannen har ho bygd opp at den firbeinte familien sin.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Det var tøft. Eg trur nesten ein må oppleve det for å skjøne det. På den måten eg har dyr, så er det familiemedlemmer. Så eg mista mange familiemedlemmer, og eg mista mange av dei aller beste venene mine, seier Hestvik.

Heftig debattering om dyr

Den siste tida har det vore heftig debatt om verdien til dyr, både i media og på sosiale medium. Det heile starta då hunden Tønes vart skoten av ein bonde, som har forklart at hunden jaga sauene hans.

Etter dette har debatten utvikla seg. Journalist og forfattar Mímir Kristjánsson skreiv blant anna i ein kronikk på NRK at menneskeverdet forvitrar når dyr vert likestilt med menneske. Han skreiv også at det var på grensa til det usmakelege at medan det regnar bomber i Gaza, engasjerer nordmenn seg i ein død hund.

Audun Vik-Mo som er lege i spesialisering i psykiatri i Helse Førde, seier det er naturleg at folk har sterkare kjensler til det nære.

– Eg trur mange synest det er nok av det utanfor, og at det er vanskeleg å ta det innover seg. Men dei aller fleste har eller har hatt eit nært forhold til eit dyr, og det er lett å ta innover seg. Det er lettare å ha medkjensle og engasjement rundt nokon du kjenner identitet med. Den gruppeidentiteten er ganske viktig for folk, seier han.

Det var så uverkeleg at noko slikt skulle skje.

Ellen Hestvik

– Eg gjekk rett i sjokk

Kjæledyra som omkom i brannen

EIN DEL AV FAMILIEN: Ellen Hesvik seier hundane og katten var som familiemedlemmer.

Foto: Privat

Det var sonen til Hestvik som fann dyra i huset då han kom heim frå skulen. Sjølv var ho på veg til Gulen for å møte kjærasten sin.

– Då han kom heim såg han vel eigentleg på tunet at noko var gale, men han skjønte det ikkje heilt. Men då han opna ytterdøra forstod han det, fortel ho.

Ho vart oppringt av sonen, men kva som skjedde frå då og til ho var heime igjen, det hugsar ho ingenting av.

– Eg gjekk rett i sjokk. Eg trur det gjekk fleire dagar før eg skjønte kva som hadde skjedd. Det var så uverkeleg at noko slikt skulle skje, seier Hestvik med tårer i augene.

For nesten to år etter blir ho framleis trist av å tenkje på dei ho mista.

– Du gløymer det ikkje, men du får det litt på avstand.

Ellen Hestvik er glad i å tilbringe tid saman med dyra sine.

MYKJE TID ILAG: Hestvik er saman med hundane og kattane store delar av tida. - Dei følgjer etter meg overalt, til og med på do, fortel ho.

Vart sjuktmeld i fleire månader

Ellen Hestvik

KOS: Susi (til venstre) og Pjuski er gode vener.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Ho heldt seg oppegåande i to veker, men så sa det stopp.

– I starten var det så mykje som skjedde og mykje eg skulle ordne opp i, både i høve til dyra og alt det andre, og i tillegg var eg nok i sjokk. Så då gjekk eg på høggir, men då ting begynte å roe seg etter nokre veker, og det begynte å sige inn kva som hadde skjedd, då måtte eg kaste inn handkleet, fortel Hestvik.

I fire månader var ho sjukmeld frå jobb, og etter det gjekk ho i redusert stilling i nokre månader før ho var heilt tilbake.

– Dei som ikkje har opplevd kva gleda av eit kjæledyr betyr, dei kan ikkje skjøne det. Men eg møtte veldig stor forståing. Eg fekk telefonar frå heilt ukjende folk som brydde seg og syntes det var trasig. Dei på jobben sa det var utruleg at eg hadde halde så lenge.

Det gjorde det ikkje lettare at Hestvik skulda på seg sjølv for at dei firbeinte i familien var vekke.

– Det var jo eg som hadde sett på den oppvaskmaskina, og det var eg som hadde reist ifrå ho. Eg gjekk rett i kjellaren. Men etter kvart så skjønar eg at det like godt kunne skjedd når eg var heime.

Ellen Hestvik

LEVER SIDE OM SIDE: Frå venstre: Pjuski, Susi, Nora, og Rita bak.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Eg tenkjer at veldig mykje om korleis vi forstår dyr, handlar om våre eigne refleksjonar og erfaringar med dyr frå før.

Audun Vik-Mo

Lege: – Kan bli sjuke av slike tap

Audun Vik-Mo

NATURLEG: Audun Vik-Mo, lege i spesialisering i psykiatri i Helse Førde, seier det er naturleg å ha kjensler til det nære.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Audun Vik-Mo seier at det er heilt vanleg at menneske har sterke relasjonar til dyr.

– Tap av nære relasjonar kan gjere oss sjuke. Folk er svært knytte til dyra sine, og er relasjonen sterk nok og blir broten, så er det er eit stort tap, seier legen.

Medan nokon blir sjuke av å miste dyr, stiller andre seg uforståande til ei slik sorg. Vik-Mo fortel at vi truleg ikkje er flinke nok til å prøve å forstå andre, og setje oss inn i deira situasjon.

– Nokon tenkjer at det er fordi vi ikkje prøver, medan andre seier at vi har ulike eigenskapar, som er normalt, men at vi har ulike evner til det, akkurat som vi spring i ulikt tempo.

Andre kan ha vanskar med å forstå

For folk har ulikt syn på dyr, og dei er ulike i måten dei oppfattar kjensler hos andre, både menneske og dyr, ifølgje legen.

– Eg tenkjer at veldig mykje om korleis vi forstår dyr, handlar om våre eigne refleksjonar og erfaringar med dyr frå før, seier han.

Men likevel er det biologiske fenomen som gjer oss glade i dyr, slår Vik-Mo fast, og syner til forsking.

– Kvalpar, til dømes, tiltrekkjer seg ei omsorgskjensle i oss, og det kjem av baby-effekta. Store auge, stor panne, litt liten munn og nase i høve til hovudet, og at hovudet er litt stort i høve til kroppen, det gjer til at vi får ei omsorgskjensle inne i oss, fortel han.

Denme kjensla utløyser eit hormon inne i oss som gjer oss flinkare til å lese kjensler hos andre, både menneske og dyr, og ikkje berre til den som framkalla omsorgskjensla. Det er også eit beroligande hormon.

– Det er litt av den effekten ein opplever med hundar og kattar på sjukeheimar, at dei har god effekt på eldre som slit med uro og angst, seier Vik-Mo.

Då eg fekk første katten var det som julaftan gonger to. Det var heilt fantastisk å få dyr igjen.

Ellen Hestvik
Ellen hestvik

KJEM GODT OVEREINS: Kattande og hundane er vande med å leve saman. Rita følgjer godt med når katten Susi får meir merksemd enn ho sjølv.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Har bygd opp igjen «familien»

Utan hundane og katten rundt seg kjende Hestvik seg heilt åleine.

– Berre det å gå tur var pyton. Første gong eg gjekk tur utan hundane følte eg meg skikkeleg åleine. Det vart ein ting som eg rett og slett kutta ut, fram til eg fekk Rita og ho var så stor at ho kunne vere med, fortel ho.

Halvannan månad etter brannen fekk ho sitt første dyr igjen, katten Susi. To månader seinare henta ho kooikerhunden Rita og rett etterpå nok ein katt, Pjuski. I september i fjor fekk ho den andre hunden, Nora, ein Shetland Sheepdog, same rasen ho har hatt mange av tidlegare. Gjennom dei nye dyra fekk Ellen livsgleda tilbake.

– Då eg fekk den nærkontakten med dyr igjen begynte det å komme seg. Då eg fekk første katten var det som julaftan gonger to. Det var heilt fantastisk å få dyr igjen, seier ho.

Men sjølv om livet går vidare og ho har det bra igjen, vil ho aldri gløyme dei som er vekke. Og i dei små tinga i kvardagen blir ho stadig minna på kvar enkelt av dei. Som når ein av hundane ho har i dag gjer noko som minner om ein av dei ho hadde tidlegare. Eller som den punkterte ballen i hagen som ho ikkje får seg til å kaste, fordi det var «Lucky Luke» sin.

– Eg trur ikkje det går ein dag utan at eg tenkjer på dei.

Hundane til Ellen Hestvik har fått fleire utmerkingar i samband med hundeutstillingar.

MANGE UTMERKINGAR: Hundane Nora og Rita har utmerka seg på fleire utstillingar.