Anne og *Elisabet
Foto: privat / nrk

Berlinerbarnet

Ei lita jente og fostermor hennar i 1959.
Åtte år gamle Elisabeth frå Berlin var eitt av over ti tusen tyske barn som ferierte i norske heimar i tiåra etter krigen.

Vi er i landsbyen Langerwisch, ein drøy halvtimes køyretur utanfor Berlin. Den gamle brusteinslagde postvegen til Potsdam buktar seg over dei grøne engene like nedanfor huset til Elisabeth Altmann og ektemannen Ralph. Det er ein mild forsommardag i mai, akkurat som det var den dagen for 56 år sidan då åtte år gamle Elisabeth vart fulgt til togstasjonen i Berlin av mor si. Ho skulle på ferie til Noreg.

I fire månedar skulle ho vere borte frå alt ho kjende, prisgitt omsorga til menneska ho møtte der ho kom.

–Eg trur eg var modig og glad, og eg ville ta alt eg opplevde inn over meg.

Elisabeth Altmann i hagen

VÅR I LANGERWISCH: Elisabeth Altmann i hagen sin ved Langerwisch

Foto: arne sørenes / nrk

Elisabeth sit på ei lita steintrapp i hagen som bugnar av tulipaner, syriner og andre vårblomar. Ho prøver å setje ord på alle minna frå 1959. Først på norsk, som ho lærde i løpet av dei fire sommarmånedane for lenge sidan, og som ho har tatt opp igjen no dei siste åra. Men språket strekk ikkje til, orda er ikkje mange nok. På morsmålet fortel ho om oppveksten i Vest-Berlin på 1950-talet, ein by prega av gjenreising etter 2. verdskrigen og omringa av DDR og Sovjetunionen på alle kantar.

– Vi var innestengd i Berlin, og foreldra våre ville gje oss mogligheten til at vi kunne få komme oss ut av storbyen og få frisk luft. Og eg… Eg var svært tynn, og mor mi ville at eg skulle bli litt tjukkare.

Ser på gamle bilete

MINNER: Album med bilete av Elisabeth på gullstol, Atna 1959.

Foto: arne sørenes / nrk

Mamma Anne

– Ho vart så populær! Alle ungane på skulen ville leike med Elisabeth, og bar henne på gullstol.

Anne Kleiven smiler mens ho blar i albumet fullt av minner frå 1959. 80-åringen frå Forset i Vestre Gausdal sit saman med veslesøster Ester Nygårdslien ved spisebordet i det vesle huset ho og ektemannen bygde på 1960-talet.

– Også var ho så veldig tillitsfull! Den fyrste kvelden kraup ho opp i fanget mitt og ville at eg skulle stryke henne over håret mens eg sa "Meine kleine Mädchen".

Ville endre syn på tyskarane
I 1959 var Anne 26 år gammal. Ho var nettopp ferdig med lærarskulen i Elverum, og hadde fått eit lærarvikariat ved folkeskulen i Atna i Østerdalen. I lokalvisa såg ho ei annonse der Norges Røde Kors averterte etter fosterforeldre til tyske feriebarn.

– Eg skreiv inn og sa at eg gjerne kunne ta i mot eit barn, fordi eg hadde så lyst til å få eit anna inntrykk av tyskarane.

I april 1940, då Anne var fem år gammal, såg ho tyske troppar marsjere gjennom Auggedalen i Gausdal der ho vaks opp. Faren reiste for å forsvare landet mot invasjonen, og alltid seinare var vesle Anne sint på det tyske.

gamle bilder

I GAUSDAL: Fostermor Anne Kleiven (til høgre) og søstera Ester Nygårdslien ser på gamle bilete frå 1959

Foto: arne sørenes / nrk

– Men eg skjøna etterkvart at eg ikkje kunne skjære alle over ein kam. Alle tyskarar kunne jo ikkje vere like onde som Hitler! Det var difor eg ville ta i mot eit lite barn. Rett og slett for å få eit nytt syn på tyskarane.

Vest-Berlin i kald krig

Elisabeth vart fødd i 1950, fem år etter at andre verdskrigen etterlot seg ein tysk hovudstad i ruiner. Her sto sovjetiske og amerikanske styrker mot kvarandre, bokstaveleg tala ansikt til ansikt, stadig meir nervøse etter som jernteppet la seg hardare og hardare over Aust-Europa. Det var kald krig, og ingen stader var krigen så kald som i Berlin i åra rundt 1960.

Var ikkje fattige
Elisabeth hugsar ingen fattigdom frå barndommen i Berlin på 1950-talet. Men dei var heller ikkje rike. Ho vaks opp med mor og storebror, ei mor som sjølv sydde dei fleste kleda til barna, om ho ikkje kjøpte brukt.

Men byen var ein byggeplass. Over eit tiår etter at krigen tok slutt låg heile kvartal framleis i ruinar. Nye bydelar tok form, men det var trangt om plassen og mange budde under kummerlege tilhøve.

Willy Brandt i Oslo.

KANSLAREN: Willy Brandt i Oslo

Foto: VG/Kronberg

Norges Røde Kors og Willy Brandt
Norske og svenske humanitære og kristelege organisasjonar, med Røde Kors og Redd Barna i spissen, var bekymra for barna i Berlin. I samarbeid med tyske styresmakter organiserte dei ferieopphald for vest-tyske barn, hovudsakleg frå Berlin. I åra mellom 1948 og 1972 var over ti tusen tyske barn på ferieopphald i Noreg. Minst like mange reiste til Sverige, og dei største barneflokkane kom i åra rundt 1960.

Sentral i utvekslingsarbeidet stod Willy Brandt. Den seinare vest-tyske kanslaren var borgermeister i Vest-Berlin frå 1957 - 1966, og engasjerte seg sterkt for at berlinerbarna skulle få reise til Noreg og Sverige. Brandt både snakka og skreiv norsk etter eit langvarig opphald i Noreg på 1930-talet, og kunne også svensk etter at han flykta dit under krigen.

Sidan like etter krigen hadde barn frå Berlin blitt sendt til leirar i ulike delar av Vest-Tyskland. I følge boka "Disse mine minste" som Odd Bjørnsen gav ut i 1988, skal Willy Brandt ha uttalt:


”Vi kan ikke ha dem i leirer her,
forholdene er ille nok som de er ellers.”

Willy Brandt
Arkiv 1959, Tyske barn kjem til Oslo

FRÅ ARKIVET: I denne videoen kjem tyske barn til Oslo vinteren 1959 (NRK/Arkiv)

Starten i 1948
Anja Disa Gjøvåg Aase har skrive om dei tyske feriebarna i si masteroppgåve frå 2014 i samfunnsfagdidaktikk ved lærarutdanninga ved Høgskulen i Bergen. I følgje Aase kom dei første tyske barna til Noreg alt i 1948 i regi av Redd Barna. Dei fleste var 5-6 år gamle, og budde nokre månedar saman med norske fosterforeldre.

I boka "Redd Barnas historie" frå 2007 skriv forfattaren Leif Larsen også litt om desse første berlinerbarna. Han skriv at hjelpeprosjektet var omstridt og møtte betydeleg motstand, noko Redd Barna valde å trosse. Larsen går ikkje inn på kva denne motstanden handla om, men truleg var ikkje alle i Noreg like klare for å hjelpe fienden sine barn, kun tre år etter krigen.

På tur til Tyskland

på gardermoen

PÅ TUR: Ester og Anne på Gardermoen på veg til Berlin.

Foto: arne sørenes / nrk

Torsdag 7. mai, 2015. To godt vaksne kvinner er på Oslo Lufthavn Gardermoen for fyrste gong. Dei to søstrene Anne og Ester skal ta flyet til Berlin for å møte igjen vesle Elisabeth som kom frå Berlin i 1959, ho som Anne kallar dotter si.

– Det blir veldig spennande å sjå korleis ho har det, seier Anne.

Ny kontakt
I dei første åra etter 1959 sendte Anne og Elisabeth julebrev til kvarandre. Men etter som åra gjekk og Elisabeth vart ungdom, kom breva sjeldnare og sjeldnare. I over førti år var dei utan kontakt, heilt til Anne sin son fann bror til Elisabeth på internett. Elisabeth hadde gifta seg og bytta namn, men ein dag fekk ho eit brev i posten.

– Det var frå Mamma Anne, seier Elisabeth smilande mens ho venter på dei to gjestene.

– Eg kunne ikkje tru det, men det var frå henne!

Det første brevet

JULEBREV: Dette er det første brevet Elisabeth skreiv til Anne, jula 1959.

Foto: arne sørenes / nrk

Gjensynet
Ei åtti år gammal kvinne kjem inn i ankomsthallen på Tegel-flyplassen i Berlin. Ei mindre kvinne i 60-åra slår armane rundt henne i ein klem som varer og varer. For utanforståande ser dei ut som mor og dotter, men er det ikkje. Berre nesten.

– Du kallar meg for Mamma Anne, ler den eldste av dei med tårer i augene.

– Då må jo du vere dotter mi, då!

Arm i arm går dei ut frå flyplassen saman med Ester og Ralph, ektemannen til Elisabeth. Det er ikkje første gong dei møtes etter at dei fann kvarandre igjen for fem år sidan. I 2010 og 2013 var Elisabeth og Ralph på besøk hos Anne i Gausdal. Men dette er første gong Anne og Ester er i Tyskland. No skal dei sjå korleis Elisabeth lever. Sjå huset hennar i småbyen ho flytta til etter at ho møtte Ralph.

– Huset i skogen, seier Anne mens Elisabeth smiler.

– Då du var lita og var hos meg sa du at du skulle få deg eit hus i skogen, du ville ikkje bu i byen meir. Og no har du fått det!

Anne møter Elisabet på Tegel flyplass i Berlin

GJENSYN: Sjå det rørande møtet mellom Anne og Elisabeth på Tegel flyplass i Berlin (video: Arne Sørenes).

Minner for livet

Det er kveld i huset i skogen i Langerwisch, landsbyen som låg midt inne i DDR fram til muren fall og Tyskland igjen vart samla til eitt rike for snart 25 år sidan. Elisabeth vaks opp i Vest-Berlin, Ralph i Aust-Berlin, og saman har dei skapt seg eit nytt tilvære her etter at dei møttes i eit nytt Tyskland.

Huset i skogen

HUSET I SKOGEN: Elisabeth og katten Kinski utanfor huset i skogen.

Foto: arne sørenes / nrk

På setra i Gausdal Vestfjell
Inne i sofaen ser dei tre kvinnene på gamle bilete frå dei fire månedane dei hadde saman i 1959. Då skulen tok ferie i juni, tok Anne med seg Elisabeth til heimgarden i Gausdal. Veslesøster Ester fekk ein ny leikekamerat, og saman opplevde dei mykje, både på garden og ikkje minst på setra oppe i Vestfjellet.

– Ho var så glad i dyr, fortel Ester Nygårdslien.

–Vi hadde både hest og ku vi, den gongen. Og dyra fekk veldig mykje kos den sommaren.

Elisabeth på hesteryggen

PÅ SETRA: Elisabeth på hesteryggen. Framme står Ester saman med foreldra sine.

Foto: privat / nrk

Viktig for resten av livet
For Elisabeth vart opphaldet i Noreg formande for korleis ho som vaksen ser på andre menneske.

– Alt som lita jente måtte eg lære meg at det ikkje berre er slik eg lever som er bra, men at andre menneske lever like gode liv andre stadar i verda, sjølv om dei lever på andre måtar enn meg. Denne forståinga har vore nyttig for meg mange gongar seinare i livet.

– Og Anne var alltid kjærleg, ho kjefta aldri på meg, og hadde alltid eit fang eg kunne krype opp i om eg trong det. Det var godt, ganske enkelt.

– Eg trur vi liksom hadde funne inn til hjarterøtene til kvarandre, seier Anne stille.

– Og eg nådde målet mitt. Eg fekk endra synet mitt på tyskarar for alltid.

Elisabet og Anne

SAMAN IGJEN: Elisabeth og Anne saman igjen i Tyskland, 2015.

Foto: arne sørenes / nrk
reportasje frå Laurdagsrevyen

Sjå tv-reportasja frå Laurdagsrevyen 16. mai, 2015. (video: Arne Sørenes)