Ofte bråk om fredsprisen

Kritikken mot pristildelinga til Liberias president Ellen Johnson Sirleaf føyer seg inn i ei rekke: Når ein toppleiar i ein stat får fredsprisen blir det ofte bråk.

Nobel-demonstrasjon

Den amerikanske rabbineren Avi Weiss blir arrestert under en kraftig demonstrasjon utenfor Nobelinstituttet i Oslo mot at Yassir Arafat fikk fredsprisen i 1994.

Foto: Naumann, Fredrik / NTB Scanpix

Lista over omstridde prisvinnarar er lang:

Theodore Roosevelt, Henry Kissinger og Le Duc Tho, Mohammad Anwar Al-Sadat og Menachem Begin, Yasser Arafat, Shimon Peres og Yitzhak Rabin, Barack Obama.

Alle har fått Nobels Fredspris. Og alle har vore djupt involverte i krig.

Ikkje feilfrie

– Fredsprisen er veldig stolt over sitt rulleblad, men eg innrømmer at vi ikkje har eit feilfritt rulleblad, seier Nobelinstituttets direktør, Geir Lundestad. Han er ikkje samd med dei som meiner at statsleiarar ikkje kan få fredsprisen:

– Statsleiarar har jo enorm makt, som dei kan bruke til å bidra på godt og vondt. Då bør komitéen oppmuntre dei som prøver å gå nokre skritt på den riktige veien.

Til venstre

Skuddsikker Nobelveranda

Skuddsikkert glass monteres på balkongen på Grand Hotell der før Barack Obama skulle motta prishyllesten. Glasset ble første gang brukt under den kontroversielle prisutdelingen i 1994.

Foto: Junge, Heiko / NTB Scanpix

Lundestad meiner Nobels fredspris skal ligge til venstre i det globale politiske landskapet:

– Dette er kanskje litt av forklaringa på kvifor det har gått så bra med Nobels fredspris. Fordi nordmenn er automatisk lett venstre i den globale sammenhengen, gjennom blandinga av realisme og idealisme.

Norske verdiar

– Det betyr at de flaggar eit ideologisk standpunkt. Kva gjer det med legimiteten?

– Det aukar legitimiteten, fordi folk flest er samde i dette, i eit overordna perspektiv. Dei verdiane, på eit vis norske verdiane, som ligg under er universelle, seier Lundestad.

Han nemner sterkare internasjonale institusjonar, menneskerettar, nedrusting og humanitær hjelp som døme på typiske norske verdiar som bidrar til å plassere fredsprisen til venstre i det globale politiske terrenget.