Hopp til innhold

Etterforskarar etterlyser: Krav til seg sjølv

Politifolk som køyrer politibil med blålys eller patruljerer ute i gata må ha kurs, årleg trening og godkjenning. Slik er det ikkje for dei som avhøyrer overgriparar eller drapsmenn.

Ivar Husby har over 40 år i politiet bak seg – mange av dem som drapsetterforsker. Han sier det er smertefullt å tenke på kvaliteten på avhørene de gjorde tidligere.

VIDEO: Ivar Husby har over 40 år i politiet bak seg – mange av dei som drapsetterforskar. Han seier det er smertefullt å tenke på kvaliteten på avhøyra dei gjorde tidlegare.

Ein av landets mest profilerte politileiarar, politiinspektør Grete Lien Metlid, meiner det er på høg tid å gjere noko med nettopp det.

Grete Lien Metlid

Politiinspektør Grete Lien Metlid meiner det er på høg tid at avhøyrarar og etterforskarar blir stilt krav til.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Tida er absolutt moden for det, og har vel eigentleg vore det ei god stund. Vi er nøydd til å få plass ei eller anna form for sertifisering og godkjenningskrav på avhøyrarar, seier Metlid i Brennpunkt-dokumentaren «Avhøyret».

Ho er sjef for dei som etterforskar drap og seksuelle overgrep i Oslo, og var sjølv med på å endre norske avhøyrsmetodar på starten av 2000-talet.

Då tok norsk politiet eit oppgjer med det mange meiner var manipulerande og ulovlege metodar, som hadde som mål å få fram tilståingar.

VIDEO: For politiet så startar stoppeklokka rett etter at noko har skjedd. Det er då spora er varme, og vitne og mistenkte huskar best.

Riksadvokaten har etterlyst krav i 15 år

Asbjørn Rachlew

Asbjørn Rachlew etterlyser obligatorisk trening og godkjenning for etterforskarar.

Foto: NRK

Asbjørn Rachlew, ein av landets fremste avhøyrsekspertar, har i mange år påpeika at det bør stillast formelle krav, og at statusen til etterforskarar må hevast. Han har etterlyst obligatorisk trening, godkjenningsordning, minstestandardar og kompetansegraderte etterforskarar.

Det er han ikkje aleine om. Riksadvokat Tor-Aksel Busch har i 15 år etterlyst krav til dei som skal gjere avhøyr. I 2002 tok han dette opp i eit rundskriv til politiet:

Det er tankevekkende at det på dette området, som åpenbart er et felt som krever særlig dyktighet, ikke (…) stilles formelle og reelle krav til de som skal foreta avhør.

Riksadvokaten i rundskriv i 2002

Store lokale variasjonar

Både Riksadvokaten og Politidirektoratet har konkludert med at det er store forskjellar rundt om i landet.

I Oslo blir nye etterforskarar sendt ei veke på kurs i avhøyrsmetodikk, eit krav politidistriktet sjølv har laga. Instruktør og avhøyrsspesialist Christine Bøe Jensen meiner det er på høg tid at det blir stilt krav til alle som skal gjere avhøyr.

– Kollegaene mine som jobbar på gata får ikkje køyre politibil eller gå med våpen utan årleg godkjenning og trening. Slik er det ikkje for oss som er etterforskarar, seier Jensen.

Dei som jobbar ute på gata må trene minst 48 timar i året, og godkjennast kvart einaste år for å få lov til å gjere jobben sin.

Avhørskurs i Oslo

I Oslo blir nye etterforskarar sendt ei veke på kurs i avhøyrsmetodikk. Kurset har Oslo politidistrikt på eige initiativ. Instruktør og avhøyrsspesialist Christine Bøe Jensen (til høgre) meiner det må stillast formelle krav til etterforskarar.

Foto: Simon Solheim / NRK

Innfører tredagarskurs

Humlegård

Politidirektør Odd Reidar Humlegård

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Politidirektør Odd Reidar Humlegård vedgår at det har tatt svært lang tid å få innført dei nye avhøyrsmetodane ved alle politidistrikt i landet.

Han seier at Politidirektoratet legg vekt på dette, og at det no innførast obligatorisk tredagarskurs i etterforsking- og avhøyrsteknikk ved alle politidistrikt.

– Vi innfører i år obligatorisk opplæring for alle juristar og etterforskarar landet rundt der man skal få tilbakemelding på den jobben man gjør, lære av dei beste og jobbe likare.

– Blir det årleg sertifisering, slik det er for operativt mannskap?
– Nei. Ikkje sertifisering. Vi begynner i år med minimum tre dagar. Samtidig jobbar vi for å gjere dette lengre til neste år, seier Humlegård.