Hopp til innhold

Ungdom forstår ikkje offentlege brev: – Eit samfunnsproblem

LIER (NRK): Ein av tre forstår ikkje breva dei får frå det offentlege. Det kan i verste fall koste dei unge utdanninga.

Marius på intervju

Marius Pedersen går påbygg på Lier vgs. etter å ha hatt eit års pause med folkehøgskule. Han synest ofte det er vanskeleg å forstå breva han får frå det offentlege.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

– Det er store og lange ord og setningar. Det er skriven på ein vaksen måte som me ikkje forstår. Unge i dag vil ha det enklast mogleg.

Kostar samfunnet mykje pengar

Marius Pedersen (20) fortel om breva han ikkje alltid forstår. Dei offentlege breva har ofte viktig informasjon, som for eksempel om skuleplass eller skatteinformasjon, men bodskapet kjem ikkje alltid fram.

Marius Pedersen, elev Lier vgs

Marius Pedersen er elev ved Lier vgs.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

– Eg fekk faktisk seinast eit for eit par dagar sidan frå Skatteetaten. Der stod det mykje rart eg ikkje hadde greie på, seier Pedersen.

Språkkonsulent i NTB Arkitekst, Karolina Netland ser ein skummel trend.

– Det er eit samfunnsproblem og eit økonomisk problem som kostar samfunnet mykje pengar, seier Netland.

Karolina netland, språkkonsulent

Mange seier dei forstår orda, men klarer ikkje å sjå samanhengen dei står i, seier språkkonsulent i NTB Arkitekst, Karolina Netland.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

I ei landsdekkande undersøking frå 2017 blei det slått fast at ein tredjedel av befolkninga ikkje forstår kva som står i offentlege brev.

Truleg er tala dårlegare når det berre gjeld ungdom, seier Netland.

– Det var ein stor prosentdel som ikkje forstod hele eller deler av breva. Me snakka med 25–30 personar og av dei var det berre ein eller to som forstod alt, seier Netland om testen i Lier.

Folk frå alle sosiale lag slit

I samband med prosjektet Klart språk reiser dei rundt i landet og intervjuar ungdom og andre om korleis dei forstår tekstar frå det offentlege.

Det er ikkje berre ungdom og personar med låg utdanning som slit.

– Me opplever at veldig mange slit med å forstå uavhengig av bakgrunn og utdanning. Mange føler seg litt dumme når dei får slike brev. Dei kvir seg for å seie at dei ikkje har forstått og vegrar seg for å ta kontakt. Dei sit igjen med kjensla av at dei sjølv er problemet.

På eit grupperom på Lier vidaregåande skole får Marius to forskjellige brev.

Det eine brevet har tittelen "Lærekontrakten i helsearbeidarfaget er hevet", det andre har "Lærekontrakten din er avslutta".

1.brev

Eit slikt brev har mange elevar på vidaregåande skule fått i posten. Men kan det bli forfatta på ein enklare måte?

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

– Om eg hadde fått det fyrste brevet ville eg lest det to gonger til, og om eg enda ikkje hadde forstått det, hadde eg ringt telefonnummeret der. Det er ikkje oversiktleg i det heile tatt, seier Marius som er langt meir positiv til det andre.

2.brev

Her er ein ny og endra versjon som intervjudeltakarane fekk vurdere og gje tilbakemeldingar til Buskerud fylkeskommune på.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Kan miste utdanninga dei har krav på

Det er Guro Hegna Svendsen, kommunikasjonsdirektør i Buskerud fylkeskommune, glad for å høyre.

Dei har jobba eit år med prosjektet om å få eit meir forståeleg språk. Målet er at alle tekstane dei skriv skal vere forståeleg, også for ungdom.

– Slik som det er nå skjønar ikkje elevane alt det me sender ut. Me må vere mykje meir oppteken av at dei faktisk forstår det me sender ut til dei. Det er ei demokratisk utfordring om dei ikkje gjer det nå eller i framtida, seier Svendsen.

– Kva er konsekvensane?

– I yttarste konsekvens kan me oppleve at eleven ikkje forstår kva som står, mistar rettigheitene sine og faktisk ikkje får den utdanninga dei har krav på.