– Det kan gi både fysiske og psykiske plager. Den typiske personen som kjem innom klinikken er over 50 år, kjenner seg sliten, har ikkje seksuallyst og orkar ikkje lika mykje som før, fortel urologen.
Urolog Einar Christiansen fortel at eit lågt testosteronnivå kan gi alvorlege konsekvensar.
– Ein mann som manglar testosteron lever i fare for å døy tidlegare, få eit dårleg liv mot slutten og bli meir sjuk enn menn med eit normalt nivå.
Fysisk aktivitet har best effekt
– Me ser at mange menn som bikkar 40 har ein krevjande jobb, barn som krev mykje og dei byrjar å få mage etter ei tid. Dei bør passa spesielt godt på for å ikkje komma i ein situasjon der dei seinare må ha testosterontilskot.
Det beste kvar mann på veg mot femtiåra kan gjera er å halda vekta. Trening og fysisk aktivitet er med på å førebygga. Og om du har fleire av symptoma på lite testosteron anbefaler Christiansen ein tur til legen.
Det vesle utvalet NRK møtte langs Drammenselva har høyrt om problemet.
– Ja, me har høyrt om testosteronmangel. Eg kjenner ikkje noko mangel på testosteron. Det har vore der heile livet, fortel Olav Langum.
For å halda kroppen i form tar Jan Hagen frå Drammen blant anna jamlege sykkelturar.
– Eg har ikkje tenkt noko på testosteronnivået, men eg prøvar å halda skroget i form. Det er derfor eg er ute og syklar.
– Me prøver å råda og inspirera pasientane til å trena før dei går i gang med behandling. Fysisk trening stimulerer testosteronproduksjonen hjå pasienten. Det er det viktigaste for å auka eigen produksjon av testosteron.
Sjølv om du får kjøpt testosterontilskot på apoteket, råder Christiansen mot å ta saka i eigne hender.
– Kosttilskot med testosteron har eg ikkje noko tru på. Eit ukritisk inntak av testosteron er ikkje ein god idé. I verste fall er det ein feil måte å behandla problemet på.
Kan vere store mørketal
I 2017 fekk over 13 000 menn resept på testosteron. Christiansen meiner det og er store mørketal.
– Det er artiklar som visar at berre 10 % av dei som har behov for det får behandling. Me har veldig lite fokus på testosteron i dag.
Urologen meiner det er for mykje fokus på dei som ikkje treng det ekstra testosteronet.
– Me bør fokusera på dei som verkeleg har behov for det og ikkje på dei som meiner at dei ikkje går fort nok på ski eller er raske nok i bakken.
– Testosteron blir sett på som ei slags ungdomskjelde og det blir heilt feil, fortel urologen.