Normal

– Inga kvinne skal tvingast til å endre kroppen sin for å få delta i idrett

64 kvinnelege idrettsprofilar er lei diskriminering i friidretten og krev at IAAF vrakar dei nye testosteron-reglane.

Caster Semenya

TESTOSTERON: Caster Semenya har naturleg høge verdiar av testosteron, og det er hennar suksess på mellomdistansane som har utløyst det kontroversielle forslaget til nye reglar

Foto: ALAIN GROSCLAUDE / AFP

– Utøving av sport er ein menneskerett. Kvart einaste menneske må ha lov til å drive idrett utan diskriminering av noko slag, skriv dei 64 kvinnene i oppropet som er send til styret i det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF).

På den lange lista er det mange store profilar, mellom anna tennislegenda Billie Jean King, USAs doble OL-vinnar i fotball Abby Wambach, tredobbel OL-vinnar i landhockey Rachel Dawson, dobbel OL-vinnar i roing Mary Whipple og den norskamerikanske alpinisten og brettkøyraren Grete Eliassen.

– Vi krev at de (IAAF) avviser desse diskriminerande reglane, og i staden støttar kvinnelege utøvarar verda over i kampen for likeverd og inkluderande idrettsutøving, avsluttar dei brevet med.

Testosterongrense

Billie Jean King

ENGASJERT: Tennis-legenda Billie Jean King er blant dei som har engasjert seg sterkast mot dei nye testosteron-grensene i friidrett. King tok 12 Grand Slam-titlar på 60- og 70-talet

Foto: Mark Baker / AP

Bakgrunnen er forslaget frå IAAF om at kvinnelege mellomdistanseløparar – som deltar på distansane frå 400 meter til ei engelsk mil – ikkje skal ha eit testosteronnivå over ei fastsett grense. Det vil gi dei ein fordel framfor konkurrentane, meiner IAAF.

Dei nye reglane krev derfor at kvinner med for høge verdiar, må bruke medisinar for å få dei ned på eit godkjent nivå.

Saka står på agendaen til IAAF-styremøtet siste helga i juli. Derfor reagerer dei 64 kvinnene no.

– Inga kvinne skal tvingast til å endre kroppen sin for å få delta i idrett, skriv dei i brevet.

Tilfellet Caster Semenya

Problemstillinga blei aktualisert i 2009 med sørafrikanske Caster Semenya, som har eit naturleg høgt testosteronnivå, og som lenge har vore suveren på mellomdistansane.

I 2011 vedtok IAAF liknande reglar. Men den indiske sprintaren Dutee Chand anka saka inn for CAS – som er rekna som høgsterett innan internasjonal idrett. CAS meinte det ikkje var godt nok bevist at høgt testosteronnivå var avgjerande, og avviste reglane.

No meiner IAAF at dei har gode nok medisinske bevis, og prøver igjen å innføre testosterongrenser gjeldande frå 1. november i år.

Anka til CAS

Caster Semenya har allereie anka reglane inn for CAS, og får no altså støtte av dei over 60 idrettsprofilane.

– Eg vil ikkje sjå nokon gå gjennom den same prosessen som eg, eller bli granska på same måte. Min støtte går til alle kvinner som blir råka av dei nye reglane, seier Dutee Chand.

– Dette gjeld ikkje berre sport. Kvinnekroppen, heile vår identitet, privatlivet og kjensla av tryggleik og å høyre til ein stad, står på spel, skriv dei 64.

Siste nytt

  • Woods nærmer seg etterlengtet seier

    Tiger Woods leder med tre slag før siste runde i PGA-tourmesterskapet i Atlanta. Søndag kan 42-åringen ta sin første turneringsseier på fem år. Det er 1875 dager siden forrige gang han kunne løfte et trofé. Det var i august 2013.

    Tour Championship Golf
    Foto: John Amis / AP
  • Joshua forsvarte tungvektstitlene

    Anthony Joshua stoppet utfordreren Alexander Povetkin i 7. runde på Wembley stadion lørdag og forsvarte IBF-, WBA- og WBO-titlene i tungvektsboksing. Det er første gang Povetkin er beseiret før full tid som profesjonell bokser.

    Britain Boxing
    Foto: Matt Dunham / AP
  • Krasj for norgesmesteren

    Anders Grøndal og kartleser Roger Eilertsen var klare NM-vinnere allerede før Rally Hedemarken. Lørdag ble det full stopp etter en stygg avkjøring på den fjerde prøven i årets siste NM-runde.

    – Den verste smellen i min karriere, sier Grøndal til VG.

    Han og kartleseren kom fra det uten skader, men ble likevel sendt til legesjekk.

    Anders Grøndal
    Foto: Micke Fransson/TT / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Team Ingebrigtsen
VM hestesport: Sprangridning, finale
VM hestesport: Sprangridning, finale
World Equestrian Games: Sprangridning finaler og oppdateringer fra engelsk fotball
VM hestesport: Voltige
VM hestesport: Voltige, sammendrag fra natten
Team Ingebrigtsen
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten