Hopp til innhold

Tande kunne hoppa i VM – men vil ikkje tilbake i hoppbakken i vinter

OSLO/SEEFELD (NRK): Alexander Stöckl innrømmer at dei måtte sette foten ned for VM-deltaking for Daniel-André Tande. VM-bakken kunne gjort skaden enda verre.

skuffa Tande

Opptreninga er i gang og Daniel-André Tande har alt nå fullt fokus og motivasjon mot neste vinter.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Han kunne vore i stand til å hoppe i VM, men med høg risiko, seier landslagstrenar Alexander Stöckl.

Han er i VM-byen utan sin beste hoppar samla sett dei siste sesongane. Tande er i staden i gang med opptrening til neste vinter på Olympiatoppen. Han er ferdig med å deppe og prøvar å gløyme denne sesongen heilt.

Følg frå kl. 14.05 fredag: Kvalifisering hopp stor bakke, menn

Ferdig med å surmule

– Det begynner å gå greitt. Eg har hatt nokre dagar på å surmule nå.

Det var i eit treningshopp i Lahti at VM-draumen røyk. Tande hoppa langt, fekk problem med i lufta og landa ukontrollert med all vekt på venstrebeinet.

Det såg lenge heilt greitt ut, kneet var stabilt og Tande hoppa igjen i kvalifiseringa like etter. Men testane av kneet da han var tilbake i Noreg gjorde for vondt.

Daniel Tande

Dei fyrste testane av kneet var fyrst positive og Tande trudde han kom til å rekke VM. Men kneet gjorde for vondt på dei siste testane og risikoen ville vore for stor.

Foto: Andreas Hagen / NRK

Korsbandet var strekt og det er væske der som aukar risikoen for ein større skade, om han hoppar for tidleg.

– Det blir anbefalt at han ikkje skal hoppe på seks veker, derfor måtte me seie nei til han. Spesielt i ein bakke som Innsbruck, (storbakken i VM) der det går i motbakke på andre sida er det større fare for å hamne i djup posisjon på sletta, seier Stöckl.

Alexander Stöckl

Landslagstrenar Alexander Stöckl har eit langt svakare VM-lag enn han hadde i fjorårets OL i Pyeongchang.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Guri Ekås er ansvarleg lege for hopplandslaget og bekreftar dette. Teamet rundt han var tydeleg på at hopping i VM ikkje var å anbefale.

– Han har ein skade i kneet som gjer at han lettare kunne fått ein meir alvorleg korsbandsskade. Derfor blei det ein totalvurdering at det var betre at han ikkje deltok i VM. Det er tryggare, seier Ekås.

Vil ikkje gjere comeback i Planica

På sykkelen på Olympiatoppen har Tande innfunne seg med at det hadde vore for risikabelt å prøve seg i bakken i VM.

Han har også bestemt seg for at han ikkje skal spenne på seg hoppskia før opptreninga til neste sesong startar i mai. Sjølv om han truleg kunne fått klarsignal til å hoppe før sesongen er slutt.

– Det kan jo hende eg er klar om tre-fire veker, men Planica er ikkje riktig bakke å gå inn i med ei slik kjensle. Eg må kunne stole på kneet mitt før eg hoppar. Til sjuande og sist er det eg som bestemmer når eg er klar.

Var i god form før skaden

Tande.

I skiflygingsrenna i Oberstdorf var Tande to gonger topp 10 og var på full fart mot VM-forma etter ein lang konkurransepause.

Foto: Matthias Schrader / AP

Kongsberg-hopparen har hatt sin tyngste sesong i karrieren. Sesongoppkøyring var tung etter at han blei ramma av det svært sjeldne Steven Johnson-syndromet. Etter at han ikkje kom til ein einaste finaleomgang i Hoppveka tok han ein månads konkurransepause og var på gang igjen i comebacket i Oberstdorf med ein 5.-plass som best.

– Det gjer det ekstra bittert. Eg brukte ein månad på å vere heime og for å kome tilbake til nettopp VM, så det er sjølvsagt irriterande når eg begynte å få positive svar.