– Eg vil ikkje sei det er krise, men vi har utfordringar. Og det er utfordringar med å stille med eit sterkt lag i VM.
Slik sumerar landslagstrenar Aleksander Stöckl opp situasjonen til dei norske hopparane dagen før VM-uttaket skal vere klart – og med berre få dagar til VM i Seefeld er i gang.
Søndag vart det klart at Daniel Andre Tande ikkje rekk VM etter skaden i kneet som han pådrog seg sist helg i Finland.
– Det er kjedeleg å gå glipp av ski-VM, men kneet er som det er. Då må eg berre akseptere at eg blir TV-sjåar når gutane skal kjempe om medaljar i Seefeld. Det blir ikkje meir hopping for min del denne sesongen, seier Tande i ei pressemelding frå Norges Skiforbund.
– Det er veldig trist at Daniel ikkje kan vere med til VM. Han har hatt ein veldig fin framgang i det siste, seier Stöckl.
– Vi mister ein god mann, kommenterer han.
Generalprøven i tyske Willingen vart heller ikkje den oppturen hopparane hadde håpa på. Johann André Forfang vart beste norske på ein niandeplass. Halvor Egner Granerud og Robert Johansson hamna på 14 og 15.-plass.
– Det er utfordringar med å få utøvarane til å få til konstant gode hopp, seier landslagstrenaren til NRK.
Manglar sjølvtillit
Frå sesongen i fjor der dei norske låg heilt i toppen, så har resultata i år vore lite oppløftande for dei mannlege norske hopparane.
– Status er at vi er litt på leit. Eg synst det er fleire som er på sporet og syner gode hopp innimellom. Krise vil eg ikkje bruke, seier Forfang.
NRK sin hoppekspert Johan Remen Evensen meiner det har vore mykje stong ut for dei norske hopparane i år.
– Det har vore ein tyngre sesong. Men det startfeltet vi har verdscupen i år er også ekstremt godt. Det hoppast på eit veldig høgt nivå av veldig mange.
Han legg til at medan nordmennene i fjor kanskje hadde ein fordel med betre utstyr enn konkurrentane, så er den fordelen borte i år.
– Hovudgrunnen, slik eg ser det, er at dei manglar sjølvtillit. Vi er kanskje litt på veg, så eg ser ikkje heilt mørkt på det.
Stöckl meiner at det er positive ting å hente ut frå helga i Tyskland.
– Eg ser at nokon av gutane leverer nokon gode hopp. Første omgang var veldig bra av både Forfang og Johansson, men dei klarer ikkje levere i andre runde. Dei har nok litt utfordringar med å få ut to gode hopp.
Han trur det skal vere mogeleg å få dette på plass før VM i Seefeld startar kommande veke.
– Vi er bra på plass med utstyr og den tekniske biten. Så vi må berre ta det ned eit hakk og la det skje.
Tar ut laget i morgon
I morgon er siste frist for landslagstrenaren til å ta ut det norske laget som skal til VM. Både Robert Johansson, Halvor Egner Granerud og Johann André Forfang har vore stabile og vil høgst sannsynleg får klarsignal måndag.
– Stöckl har ei vanskeleg oppgåva føre seg. Thomas Aasen Markeng har levert og det bil nok stå mellom han og Anders Fannemel om den siste plassen, seier Remen Evensen.