– Det er småvarene som er ekstra jobb no. Vi pakker jo rundstykke, wienerbrød og fylte horn i plast, og det har vi aldri gjort tidlegare, seier Ben Klausen.
Han er ein av to brør som driv familieverksemda Bakermester Klausen i Krokstadelva i Viken.
På lageret står stålkurvar med plastpakka brød og småvarer klare til å sendast ut til butikkane. Problemet er berre at det ikkje er nok plast til alle varene.
– Vi får plastposar for ei og ei veke av gangen. Vi har tømd alle lokale leverandørar i området her, og no er det tre vareslag vi ikkje får bakt, seier Klausen.
Plastmangel i heile Europa
Det er derimot ikkje berre Bakermester Klausen som har fått merke den akutte plastmangelen som følgje av koronakrisa. Situasjonen er nemleg lik over heile Europa.
– Det er ein enorm etterspørsel etter denne råvara no. Det gjer at produsentane ikkje klarer å lage like mykje som det blir etterspurd, seier salssjef Ronny Andersen i Stenqvist AS, eit firma som produserer næringsmiddelemballasje.
Råvarerullane til plastproduksjon av matvareemballasje i Noreg kjem frå Europa, gjerne land som Tyskland og Italia.
Der, som i resten av verda, har det no blitt eit behov for å pakke inn varer til sjølplukkavdelingane for å unngå smitte.
– Grunnen til at matvarene ikkje kan pakkast i papir, er fordi man ønskjer å kunne sjå produktet. Med papir risikerer man at folk opnar posane for å sjå på innhaldet, seier Andersen.
Resirkulert plast kan heller ikkje brukast fordi det ikkje er godkjend i direkte kontakt med mat.
Bruker 10.000 plastposar meir om dagen
Ifølgje Andersen er plast det føretrekte materialet til oppbevaring av mat. Å kaste mat er mykje meir miljøfiendtleg enn å bruke plast slik den resirkulerast her i landet, fortel han.
Hos Bakermester Klausen går det i desse tider 60.000 plastposar meir i veka enn til vanleg.
– Eg har aldri vore borti liknande før. Vi bruker 10.000 posar meir kvar dag enn vi gjorde for berre tre månader sidan. Da går det fort tomt, seier Klausen.
Han fortel at det enorme plastforbruket har fått fleire konsekvensar.
– I førre veke måtte vi stanse produksjonen av ein vare i to timar fordi vi venta på ein ny leveranse av plast som kom rett frå trykkmaskinen.
Trass i at plastmangelen er stor, prøver bakeriet å finne løysingar for å spare plast der dei kan.
– Vi prøver å pakke varene fire og fire, eller to og to. Vi pakker berre dei dyraste varene ein og ein, seier Klausen.