Hopp til innhold

Snart skal du kunne bruke månadskortet til hytta

SON (NRK): Mange togpendlarar ser seg nøydd til å krysse fylkesgrensa med bil for å unngå fleire månadskort. Når Østfold, Akershus og Buskerud blir slått saman til Viken lovar politikarane å gjere det langt lettare.

Kollektivtrafikk

Målet til politikarane i Viken er eit felles billettsystem i heile det nye storfylket som vil ha 1,2 millionar innbyggarar.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Viken og dei andre nye regionane har fått mykje kjeft og kritikk dei siste månadene. Beredskapen blir svekkja, fylka må dele på kraftrikdomen sin og folk er rett og slett negative til eit slikt storfylke.

Men nokon fordelar kan det også bli. Politikarane i det nye Viken lovar at noko av det fyrste innbyggarane skal merke er at kollektivtransporten blir betre.

Kryssar fylkesgrensa for betre tilbod

Pendlarane som til dagleg pendlar til Oslo frå fylka rundt har fleire krav.

– Det viktigaste er at det er enkelt. Om du pendlar frå Rygge til Oslo og vidare i byen skal du kunne bruke ein billett, seier pendlar Jon Sindre Bakken.

Togpendlar med bil

Månadskortet frå Sonsvegen til Oslo S og Moss til Oslo S kostar det same, men om du kjøper det innanfor Akershus kan du også bruke det vidare i Oslo. Derfor vel Jon Sindre Bakken å køyre over fylkesgrensa til Akershus kvar dag.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

Me treff han på Sonsveien stasjon i Akershus rett over fylkesgrensa til Østfold. Sjølv om mange Østfold-pendlarar bur nær ein togstasjon køyrer mange hit fordi dei da er inne i sonene til Ruter og kan reise så mykje dei vil rundt i Oslo og Akershus, på same månadskort.

Bakken bur i Rygge kommune og har kortare veg til togstasjonen der og i Moss, men køyrer heller til Son.

– Dei bør gje same tilbod til alle, seier Bakken.

I dag er det langt dyrare for dei som bur i Østfold og Buskerud, om dei ynskjer månadskort med overgang i Oslo. Årsaka er at selskapet Ruter har eit prissamarbeid med NSB.

– Ikkje kødd med Ruter

Tuva Moflag er stortingsrepresentant og pendlar dagleg på Østfoldbanen frå Vevelstad i Akershus til Oslo. Ho har tre ynskje til korleis Viken kan gjere pendlarkvardagen betre.

– Det må bli eit felles billettsystem i alle fylka. Det må ikkje vere så dyrt å reise over dagens fylkesgrenser som det er nå. Og ein må ikkje kødde med det gode samarbeidet som er mellom Oslo og Akershus i dag, seier Moflag.

Tuva Moflag

Kapasitet og regularitet er det største problemet på Østfoldbanen, men eit felles billettsystem er også viktig for pendlarane, seier Tuva Moflag, stortingsrepresentant (Ap) og pendlar.

Foto: Else Karine Archer / NRK

Målet til Viken er å innfri fleire av desse krava.

– Billettsystemet må og skal henge heilt sømlaust saman. Det må me ha på plass til 1. januar 2020, seier leiar i Fellesnemnda for Viken, Anette Solli (H).

Det vil seie at sonesystemet ein kjenner frå Oslo og Akershus blir utvida. Dermed skal ein for eksempel kunne ta bussen frå leilegheita si utanfor Oslo, inn til Oslo S og toget vidare til Geilo eller Fredrikstad, og buss vidare der om du vil, på same billett.

Må utvide sonene

– Å utvide sonene er noko av det viktigaste me kan gjere, seier Solli som elles peikar på at dette ikkje har blitt behandla politisk enno og derfor ikkje vil gå inn konkret på korleis dette skal bli løyst.

NRK veit at samtalane mellom Ruter, Brakar og Østfold kollektivtrafikk er i gang, og at det blir jobba med å harmonisere og samordne prisar i det nye Viken-fylket. Selskapa vil ikkje la seg intervjue om kor langt dei har kome.

Også i Trøndelag som alt er samanslått er det samtalar for å få ein betre felles billettløysing for alle transportmiddel i heile det nye fylket.

Pendlar Moflag synest tanken om å bruke månadskortet til hytta høyres interessant ut.

– Med klimautfordringane me har, gjer det ikkje noko om at folk kan ta toget til hytta. Sjølv om dei viktigaste reisene sjølvsagt er i kvardagen, seier stortingsrepresentanten.

Flere nyheter fra NRK Buskerud