Sauer set seg fast i gjerde Mattilsynet har sett opp

Fleire sauebønder i Hallingdal opplever at sauene deira set seg fast i innhegningar Mattilsynet har sett opp. – Me har blitt lurt frå fyrste stund, seier sauebonde.

Eit lam sitt fast i inngjerda til ein saltstein som Mattilsynet har sett opp

Olav Håkon Sunde har ein drift der han tek inn besetningar frå forskjellige sauebønder. Dette lammet hadde vikla seg inn i ein nylonbardun Mattilsynet hadde sett opp for å bardunere.

– Det var eit utriveleg syn å sjå lammet med eine bakfoten langt oppå grinda. Ein kan jo sjølv tenkje seg kva slags smerter som har vore der.

Olav Håkon Sando frå Ål fortel om synet som møtte han da han tilfeldigvis gjekk forbi saltsteininnhegningane som Mattilsynet har sett opp.

Sauer sit fast

To søyer og fire lam var stengt inne ved ein salteplass ved Ustaoset. Sauene bar preg å ha vore stengt inne ei stund, fortel sauebonde Olav Arvid Haugen.

Foto: Olav Arvid Haugen / Privat

Fått forbod mot saltstein

Rett før beitesesongen fekk sauebøndene i Hallingdal forbod mot å bruke saltsteinar i villreinområdet Nordfjella, derfor har Mattilsynet sett opp gjerde rundt saltsteinane.

Grunnen til at Mattilsynet har sett seg nøydd til å legge ned forbod og gjerde inn saltsteinane, er for å hindre at villrein med skrantesjuke også smakar på saltsteinane og dermed smittar sauene.

Men sauene prøvar likevel å kome seg inn til saltet og berre dei siste vekene har det vore 9–10 tilfelle av sau som har sett seg fast.

Sau stengt inne

Sauebonde Olav Arvid Haugen frå Geilo har også opplevd at sauene hans har kome seg innanfor innhegninga og blitt stengt inn over lang tid.

Foto: Olav Arvid Haugen / Privat

Det var Hallingdølen som omtalte saka fyrst.

Sando er tydeleg prega av hendinga når han fortel.

– Det her er ei grind Mattilsynet har sett opp og som me ikkje har noko ansvar for. Å stå fast slik utan vatn lenge ... Om ikkje eg hadde kome i går hadde lammet vore dødt.

Har undervurdert sauen

Erik Tufte, sauebonde i nabobygda Geilo, opplevde også at ein av sauene hans sat fast i helga. Da var det ein forbipasserande fotturist som oppdaga sauen og melde frå til Mattilsynet.

Dei sende Statens naturoppsyn og fekk ordna opp dagen etter, men det er ikkje nok, meiner Tufte.

– Dei må meir på banen, det er trass alt dei som har sett opp desse gjerda. Dei har etter mi meining undervurdert kor ivrig ein sau er etter å få tak i salt og kome seg inn til ein slik salteplass. Det er hundrevis av slike salteplassar og dei må auke tilsynet, seier Tufte.

Sau sit fast i saltsteininnhengning

Når sauen er van med å ha tilgang til saltstein på beite og plutseleg ikkje får det lengre, spring dei og leitar til dei finn, forklarer Olav Håkon Sando.

Foto: Olav Håkon Sando / Privat

Meiner reglane kan forsvarast

– Dette forbodet kom tett på beitesesongen, og det er svært uheldig, men me har verkeleg prøvd å førebu næringa på at det ville komme, skriv Anne Marie Jahr, seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet i ein e-post til NRK.

Sjølv om heile den smitta villreinbestanden i Nordfjella sone 1 er tatt ut, meiner Jahr at kampen mot den dødelege skrantesjuka er langt frå over.

– Sett opp mot dei store konsekvensane ei spreiing av skrantesjuke vil medføre, ikkje berre for hjortedyr, men også for næringsliv og friluftsliv, meiner me at dei nye reglane kan forsvarast sjølv om det er inngripande og gjev sauebøndene utfordringar.

Ordførar i Ål, Solveig Vestenfor (Ap) fortel at ordførarane i Nordfjella, saman med beitenæringa har sendt brev til landbruksminister Olaug Bollestad der dei ber ho ta grep.

– Både næringa og me politisk har fleire gonger peika på kva slags konsekvensar dette kunne få. Eg opplever at dei ikkje tek dette på alvor og det er heilt uakseptabelt. Eg er bekymra for at bønder tenkjer at nok er nok, seier Vestenfor.

Ordførar Solveig

Solveig Vestenfor (Ap) meiner det er ekstra opprørande at det er ein menneskeleg svikt som fører til sauer blir sitjande fast utan å kunne få i seg næring.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

– Samarbeidet med Mattilsynet er øydelagd

Sando i Ål meiner samarbeidet mellom Mattilsynet og beitenæringa er øydelagd. Han hevdar dei i fjor beskjed at dei ikkje skulle forby saltstein. I mars/april køyrde dei saltsteinane ut og i juni kom forbodet.

– Me har blitt lurt frå fyrste stund. Det dei driv med nå er så arrogant. Sauene er så urolege, dei spring ned på riksveg 52, stoppar trafikken og står heile dagen og sleikar på asfalten for å få i seg salt, seier Sando og legg til.

– Det har ikkje kome noko nytt om smitta i Nordfjella på eitt år, men likevel set dei strengare og strengare krav til beitenæringa.