Hopp til innhold

Restaurant ber gjestene ete opp maten sin

På Sundvolden hotel er dei lei av gjester som ikkje et opp det dei tek på tallerkenen. På det meste har dei kasta 78 kilo mat på ein dag. Det vil dei ha ein slutt på.

På Sundvolden hotell oppmodar dei folk om å ete opp maten sin

På Sundvolden hotell oppmodar dei gjestene til å ete opp maten sin for å hindre matsvinn.

Foto: Harald Indrehaug / NRK

– Me har fått litt kjeft. Skal me ikkje få lov til å ete det me vil lengre spør nokon.

Sjefskokk, Bent Borge Hansen viser fram skiltet dei har sett fram i restauranten.

«Smak gjerne på alt, men hugs å spis opp. I går kastet vi 26,6 kilo», står det denne dagen.

Det vil seie 270 gram per restaurantgjest. På det meste har dei kasta 78 kilo med mat folk ikkje har klart å ete opp. Det store matsvinnet ville hotellrestauranten i Hole gjere noko med.

Gå heller 15 gonger

– Gjestene kan framleis ete så mykje dei orkar, men me seier til dei at dei heller kan gå 15 gonger med små tallerkenar. All maten her er heimelaga. Det er mykje hjarte og sjel i det me serverer, seier Hansen.

Bent Borge Hansen er restaurantsjef på Sundvolden hotell

Bent Borge Hansen meiner skilta har fungert for å få ned matsvinnet.

Foto: Harald Indrehaug / NRK

– Det er litt kleint å skulle seie til vaksne folk at dei må ete opp maten sin, men me har begynt å jobbe litt med det.

Sophie Wiik starta appen «Too good to go» for å få folk til å kjøpe maten restaurantane eigentleg skulle ha kasta. Ho håpar fleire restaurantar lar seg inspirere.

– Me held på med akkurat det same, nemleg å bevisstgjere folk og hjelpe kvarandre til å hugse på at me må ete opp maten i staden for å kaste den. Alle må bidra om me skal klare å nå FNs berekraftmål om å redusere matsvinnet vårt med 50 prosent innan 2030, seier Wiik som er dagleg leiar i selskapet.

Sidan starten i januar 2016 har 500.000 porsjonar med mat over heile landet blitt henta via appen.

På Sundvolden hotell har dei sett opp ein plakat der dei ber gjestene om å ete opp maten sin.

Dette skiltet møter deg i restauranten på Sundvolden hotell i Hole i Buskerud.

Foto: Harald Indrehaug / NRK

Mindre kasting etter at skiltet kom

Lunsjgjestene på Sundvolden denne dagen blei ikkje fornærma av skiltet.

– Det er viktig å vere bevisst på matsvinn, eg prøvar heller å forsyne meg fleire gonger enn å ta for mykje for mat, meiner Ruben Amble Hirsti.

Restauranten har merka at det har blitt mindre igjen på tallerkenane etter at dei fekk opp skiltet.

– Folk er flinke til å ikkje ete så mykje når det er skilta på buffeen, seier servitør Michelle Wien.

– Ein kursleiar tok med plakaten inn på ein konferanse ein dag. Dagen etter var det betydeleg mindre mat igjen på tallerkenane, seier sjefskokk, Bent Borge Hansen.

Det finst ikkje noko tal på kor mykje mat norske restaurantar kastar i løpet av eit år, men Østfoldforskning har sett i gang forsking på temaet.