Hopp til innhold

«Monsen-effekt» kan gje rekordår i norske fjell

For fyrste gong kan DNT passera ein halv million overnattingar på turisthyttene. TV-stjerner i fjellheimen kan ha noko av æra, meiner turlagssjef.

Turistforeningshytta Gullhorgabu

STOR AUKE: Gullhorgabu er ei av dei mest populære hyttene til Bergen og Hordaland Turlag. Her har 80 prosent fleire tatt turen i 2018 enn året før.

Foto: Joakim Vatnaland / Bergen og Hordaland turlag

2018 har så langt innfridd ynska frå dei turglade. Først vara snø- og skisesongen til langt ut i april.

Så kom mai med rekordvarme og forholda for fotturar var perfekte nesten over natta.

No melder dei største turlaga i Sør-Noreg om stor auke i talet på overnattingar på turisthyttene frå januar til juni, om ein samanliknar med 2017.

2018 kan dermed bli overnattingsrekord for turistforeininga.

Mot 500.000 for første gong

Samla kunne Den Norske Turistforening notera 450.791 overnattingar på hyttene i fjor. No luktar dei på 500.000, seier kommunikasjonssjef Mette Øinæs Habberstad.

Og tendensen er den same i heile Sør-Noreg: I Oslo har besøkstalet på hyttene stige med 21 prosent så langt i år. I Drammen og Stavanger peikar pilene same veg.

Fleire turisthytter har eit heilt spesielt godt besøksår:

  • Gullhorgabu, Hordaland: 80 prosent auke
  • Høgabu, Hordaland: 30 prosent auke
  • Vending, Hordaland: 20 prosent auke
  • Røyrivannshytta, Oslo: 89 prosent auke
  • Øvresaga, Oslo: 47 prosent auke
  • Haukeliseter fjellstue, Telemark: 37 prosent auke

Elisabeth Eide, Catarina Rise og Tove Eide på tur i Bergsdalen

TRE GENERASJONAR PÅ TUR: Elisabeth Eide, Catarina Rise og Tove Eide på tur i Bergsdalen

Foto: Elisabeth Eide / Elisabeth Eide

Tek med familien på hyttetur

I Bergen planlegg Elisabeth Eide og dottera Catarina Rise (6) ferien. I to og ei halv veke skal dei utforska Lofoten, Vesterålen og Senja til fots.

Om nettene skal dei sova i hytter eller i telt.

Catarina har gått mykje til fjells, og har overnatta på mange turisthytter.

– Trikset for ein vellukka tur med born er å ta det med ro, og utforska det me ser undervegs. På ein tur til Skavlabu i fjor, såg me fyrst ei ørn. Like etterpå møtte me ein hare. Han var alt vorten kvit. Då sto jubelen i taket, fortel Eide.

Aksel Langeland og Catarina Rise på Skavlabu.

MED UNGAR PÅ TUR: Aksel Langeland og Catarina Rise på Skavlabu.

Foto: Elisabeth Eide

Pilene peilar oppover

Ein knapp times biltur frå Bergen ligg hyttene som perler på ei snor: Høgabu, Gullhorgabu, Vending, Breidablikk, Kjellandbu og Torfinnsheim.

– Folk har for alvor oppdaga Bergsdalen (ekstern lenkje) og Kvammafjella, fortel Helene Ødven, som er dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag.

Berre i Hordaland ligg besøkstalet på hyttene fem prosent høgare enn dei gjorde i juni i fjor. Litt lenger sør merker ein det same.

– Haukeliseter hadde til dømes 1684 gjestedøger i mai 2018, mot 1223 mai 2017, seier dagleg leiar i Stavanger Turistforening, Preben Falck.

Lars Monsen

MONSEN-EFFEKT: Seriar om villmark og friluftsliv får noko av æra for at fleire og fleire pakkar sekken, snører turskoa og legg ut på fjelltur.

Foto: Håvard Jenssen / NRK

– Skog og Monsen er heltane

Men ikkje berre godt ski- og turvêr treng vere grunnen til det som kan bli eit rekordår.

– Eg trur det er mange som drøymer om å logga av, og å oppleva ting saman med dei ein er glade i, ute. Då knyter ein sterke band, seier Helene Ødven i Bergen og Hordaland turlag.

Ho meiner fjernsynsseriar som «Familieekspedisjonen», «Drømmeturen» og «Monsen på villspor» har motivert folk til å koma seg ut på tur. No ser ein kan henda effekten av dette.

– No har ungane Cecilie Skog, Lars Monsen og villmarksbarna som heltar. Dei vil fiska i fjellvatna, tenna bål og steikja sin eigen fisk, seier ho.