NRK Meny
Normal

Desse hyttene var mest populære i påska

Nesten 14.000 skituristar overnatta på ei DNT-hytte i påska. På Rondvassbu i Rondane har den store toppturtrenden gjort dei til landets tredje mest populære DNT-hytte.

Iungsdalen

DNT har opplevd ei stor auke på hyttene sine denne påska, og er ikkje langt frå besøkstala frå toppåra tidlegare på 2000-talet. Her frå Iungsdalshytta i Skarvheimen.

Foto: Eivind Haugstad Kleiven / DNT

– Eg har ikkje opplevd noko i nærleiken av ei slik påske. Trur me må tilbake til 90-talet for å finne noko liknande. Det har vore heilt fantastisk.

Øystein Gården, styrar på Rondvassbu turisthytte er naturleg nok strålande fornøgd der han sit i bilen på veg heim frå fjellet.

Rondvassbu

Toppturar er det mest trendy på fjellet om dagen. Rondvassbu er ein av DNT-hyttene som tilbyr guida toppturar som har vore svært populært denne påska.

Foto: Rondvassbu Turisthytte / DNT

Rondane har auka mest

Han har styrt landets tredje mest besøkte DNT-hytte i påska og ei av dei med størst auke, i det fjellområdet som også har opplevd mest auke i tilstrøyminga.

Rondane har hatt 67 prosent auke i overnattingsgjester frå i fjor. På Rondvassbu gjekk dei frå 847 besøkjande i fjor, til 1104 i år. Det er det beste talet i statistikken til DNT som går tilbake til 1998.

– Det har vore unormalt gode og stabile forhold heile vegen. Me har hatt alt frå ungar til 74-åringar på topptur her, fortel Gården.

Toppturkurs

Toppturar får fleire unge til fjells og får påske sa heile 44 prosent av dei mellom 18 og 24 år at dei skulle på fjellet i påska.

Foto: Kjell Erik Reinhardtsen / DNT

Franskmenn på langtur

Og nettopp toppturar er mykje av grunnen til den store auken både på hyttene generelt og spesielt på hytta midt i Rondane, med mellom anna Rondslottet og Storronden rundt seg.

– Definitivt. Rondvassbu er eit av flaggskipa våre og er eit perfekt utgangspunkt for toppturar. Me ser tydeleg at topptur er ein trend som framleis er i vekst, seier kommunikasjonsrådgjevar i DNT, Margrethe Assev.

Haukeliseter fjellstove som ligg mellom Hardangervidda og Ryfylkeheiane er hytta med aller mest besøk denne påska, med 1650 overnattingar.

Som dei fleste andre stader har dei hatt strålande sol sidan måndag og gode skiforhold.

Påsketur på Kalhovd

Mange har gått klassikaren over Hardangervidda frå Finsehytta til Haukeliseter. Her frå Kalhovd.

Foto: Marius Dalseg Sætre

– Det har vore litt hardt, men veldig gode forhold for fjellski som dei fleste har. Me har hatt veldig mange barnefamiliar her og ein del franskmenn som går langturar.

– Men det er flest nordmenn som gjerne avsluttar turen sin over vidda her, fortel Marcus Andersson, arrangements- og marknadsansvarleg.

Trassa Noro-viruset

Det har vore 13.973 overnattingar totalt på Turistforeningas betente hytter (ubetente og sjølvbetente er ikkje ein del av denne statistikken)

Trass i at Noro-viruset gjorde sitt for å få folk vekk frå vidda, var Hardangervidda mest populært med 3000 overnattingar.

– Det kan hende at nokon droppa å reise på fjellet på grunn av virusutbrotet, men Hardangervidda er likevel som alltid desidert mest populært og har ei stabil utvikling.

– Det er leit for dei som har blitt sjuke, men dei aller fleste på Hardangervidda har hatt drøymeforhold, seier Assev.

Gjendesheim

Jotunheimen, her frå Gjendesheim, var det nest mest populære fjellområdet i påska. 2457 overnattingar hadde DNT på sine betjente hytter.

Foto: Kjell Erik Reinhardtsen

Eit anna område som har hatt stor auke er Sylane i Trøndelag, fortel DNT.

– Me såg også i fjor at Sylane og Trollheimen har blitt meir populært og den trenden har berre heldt fram. Sylane har hatt ein auke på 40 prosent frå i fjor, og ei hytte som Schultzhytta har dobla besøkstala sine.